Wiki i ungdomsskulen og tilpassa opplæring: Korleis leggje til rette for tilpassa opplæring gjennom bruk av wiki?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152416Utgivelsesdato
2012-06-12Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Oppgåva har tittelen Wiki i ungdomsskulen og tilpassa opplæring. Korleis leggje til rette for
tilpassa opplæring gjennom bruk av wiki? Som tittelen tilseier er dette ein freistnad på å finne
ut korleis det digitale verktøyet wiki kan nyttast med tanke på å tilpasse undervisninga til
elevane sine føresetnader. Gjennom ein kasusstudie følgjer eg ei gruppe elevar i 9. klasse når
dei lagar ein wiki omkring temaet alkohol, narkotika og røyking. Eg har nytta aksjonsforsking
som metode då noko av målet med denne undersøkinga var at ho skulle vera nyttig for
deltakarane medan ho føregjekk og at ho skulle betre praksisen. Samstundes var det eit mål at
arbeidet mitt skulle medverke til inspirasjon til refleksjon og handling for deltakarane.
For å kunne seie noko om i kva grad wiki kan leggje til rette for tilpassa opplæring, har eg
undersøkt og analysert følgjande kriterium: Motivasjon, meistring og samarbeid. Elevane sitt
læringsutbyte knytta til digitale dugleikar, samarbeid og fag er også sentralt i undersøkinga mi.
Empirien har blitt samla inn ved hjelp av kvalitative metodar som observasjon av
læringsmiljøet og intervju av elevar og lærarar som har delteke i prosjektet.
Wikiprosjektet vert skildra ut frå sosiokulturelle perspektiv på læring der sosialt samspel og
interaksjon med andre menneske står sentralt, noko som web 2.0-verktøy legg til rette for.
Prosjektet byggjer også på CSCL-paradigmet om digitale samarbeidsverktøy i samband med
læring og læringsmiljø. Oppgåva tek også føre seg ulik teori knytta til motivasjon og meistring
då dette er viktige kriterier for å seie noko om tilpassa opplæring.
Hovudfunn i empirien er at inngongsterskelen for å ta i bruk wiki er låg. Motivasjonen til
elevane er difor i utgongspunktet høg og forventningane om å meistre dette verktøyet er høge.
Dette heng mellom anna saman med at dette verktøyet har felles kjenneteikn med andre
web2.0 – verktøy som elevane gjer seg nytte av utanfor skulen. Gjennom å utvikle wikien får
elevane høve til å samarbeide og såleis oppøve seg ferdigheiter i høve til kommunikasjon og
samhandling. Elevane kan gi hjelp og støtte til kvarandre gjennom denne prosessen og fordele
arbeidsoppgåver etter elevane sine evner og utviklingsnivå. Lite energi vart nytta på sjølve
verktøyet og følgjeleg kan elevane konsentrere seg om det faglege innhaldet. Undersøkinga mi
Masteroppgåve IKT i læring Anne Berit Skipevåg Tveit 6
tyder likevel på at storparten av elevane ikkje opparbeidde seg eit tilstrekkeleg fagleg
læringsutbyte gjennom å bruke wiki som verktøy. Dette vart målt gjennom
gruppepresentasjonar der elevane skulle gjere greie for sitt emne. Dei fleste
gruppepresentasjonane viste fagleg kompetanse om emna deira på eit middels nivå. Det ser ut
til at elevane treng øving i det å ta felles ansvar for å arbeide kollektivt og i ferdigheiter som
skal gjere dei i stand til å meistre frie arbeidsformer. Denne øvinga får elevane i høgste grad
gjennom å arbeide med wiki.
Elevane fekk gjennom arbeidet med wikien øving i samarbeid, dei var motiverte og dei
opplevde meistring. Ut frå dette vert konklusjonen at elevane fekk ei opplæring tilpassa deira
evner og utviklingsnivå slik at dei har utvikla kompetanse mellom anna innan samarbeid og
digitale ferdigheiter. Det faglege læringsutbytet ser ut til å vere middels, noko som truleg heng
saman med at den observerte motivasjonen var knytta meir til det å arbeide med eit digitalt
verktøy enn til det faglege innhaldet.