Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSæterås, Kristin Bakke
dc.date.accessioned2011-12-14T12:29:06Z
dc.date.available2011-12-14T12:29:06Z
dc.date.issued2011-12-14
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152398
dc.description.abstractFor dei som kan å utnytte den, representerer PC-en eit hav av mogleheiter, både i arbeid og i fritid. Å ha digital kompetanse har blitt viktig. Elevane – og lærarane – må lære seg å utnytte potensialet digitale reiskap har for å skape best moglege læringssituasjonar. Lærarane må vere gode rollemodellar og rettleiarar for dei unge. Dei unge kjem til skulen med ein kompetanse på PC-en. Utnyttar skulen desse moglegheitene? I vidaregåande skule har no alle elevar tilgong til berbar PC på skulen. Men kva vert PC-en nytta til i skuletida? Tittelen på denne masteroppgåva er PC i vidaregåande skule – hovudsakleg fagleg eller ikkje-fagleg bruk? Målet er å få innsikt i kva elevar i 3. klasse i vidaregåande skule i hovudsak brukar PC-en til i skuletimane. I tillegg er det sett på om bruken på skule og fritid er samanfallande, eller om elevane endrar bruksmønster alt etter den konteksten dei er i. For å skilje skulerelatert- og fritidsrelatert bruk av PC-en, er omgrepa fagleg og ikkje-fagleg PC-bruk nytta.Krumsvik brukar høvesvis “fagleg ikt bruk” og “rituell ikt bruk”. Den faglege bruken er på den formelle læringsarenaen, og er knytt til undervisning og læring. Den ikkje-faglege PCbruken er på den uformelle læringsarenaen. Den er ofte grunna på vane, sosiale behov, underhaldning m.m. (Krumsvik, 2009). Oppgåva bygger på kvanitative data, i form av spørjeskjema til 63 elevar. SPSS er nytta som analysereiskap. Undersøkinga vart utført våren 2011, rett i forkant av elevane si eksamsperiode. Respondentane er elevar ved programområde for realfag og programområde for språk, samfunnsfag og økonomi. Alle respondentane tilhøyrer same skule. I tillegg til denne undersøkinga, bygger drøfingane også på materiale frå ei elev- og lærarundersøking som heimfylket til den aktuelle skulen gjennomførte i same periode. Her tok 1 720 elevar og 408 lærarar del. Undersøkingane har gått uavhengig av kvarandre, så det er berre på enkelte område spørsmåla i dei to spørjeskjemaane til respondentane er samanfallande. Resultata frå mi undersøking, viser at 63,5% av elevane svarar at dei brukar PC-en mest til ikkje-fagleg aktivitetar i skulen. Facebook, chat og generell surfing er det som opptek dei mest på PC-en, og mange rapporterer høg tidsbruk til dette i løpet av ein skuledag. Ein del elevar brukar også noko tid på speling i timane. Det kjem også fram at elevane spelar oftare på skulen enn på fritida. Master IKT i læring 2011 Kristin Bakke Sæterås 4 Elles ser det i stor grad ut til at elevane har samanfallande PC-bruk i timane og på fritida. På skulen brukar dei PC-en mindre til å høyre på musikk og sjå mindre film, men når det gjeld tidsbruken av sosiale medium og generell surfing er det hovudsakleg samsvar på dei to arenaane. PC-en er i hovudregelen framme i timane uansett om dei har bruk for den eller ikkje. Fagleg sett er det to program på PC-en som elevane oppfattar som svært nyttig i læringsarbeidet sitt. Det er skrivereiskap og programmet Geogebra i matematikk. På Internett nemner dei spesielt tilgang til ordbøker (i fleire språkfag), økonomiske modellar og rekneark, og generell informasjonssøk til enkeltfag (historie, RLE og samfunnsfag er nemnt spesielt). Svært mange gir tilbakemelding på at PC-en er til distraksjon i timane, og dei er delte på om den bidreg til at resultata/karakterane vert betre. PC-en representerer ei utfordring både for elevane og lærarane, og mange elevar svarar at dei gjerne vil ha strengare lærarar og meir restriksjonar på bruken i skuletimane. Dei viser til ei viss grad at dei evnar å reflektere på konsekvensane av eigen PC-bruk, men ifylgje rapportering av eigen bruk, ser det ikkje ut til at dei ikkje klarer å gjere noko med det på eiga hand. “Hadde eg vore lærar hadde eg krevd at maskina låg i sekken heilt til eg ba dei om å ta den opp, vanskelegare er det ikkje...” Elevane har etterkvart opparbeida seg ei digital kompetanse som er basert på fritidsbruken av digitale verkty. Denne bruken er vanskeleg å generalisere, fordi bruken på PC og Internett er svært individuell frå elev til elev. Vi kan gruppere fritidsbruken inn i spel, kommunikative aktivitetar, kreative skapande aktivitetar, informasjonssøk og heimearbeid (Holm Sørensen, 1997). Utfordringa for skulen er å integrere denne fritidskulturen i den vertikale diskurs (Bernstein, 1996), men problemet er at ikkje alle fritidsrelaterte aktivitetar har noko å gjere i rammene til skulen. Det er mange aktuelle problemområder for vegen vidare. Denne undersøkinga tek eleven sitt perspektiv, og viser ein bruk som ikkje passar inn i samfunnsmandatet til skulen. Det må gjerast grep slik at elevane nyttar tida på skulen til læringsarbeid. I den forbindelese kunne det vere aktuelt å sjå nærare på kva som kjenneteiknar skular som får denne integreringa til å fungere. Det er mange interesser og motiv for at PC-en skal vere i klasserommet. Felles målsettingar for alle involverte vil truleg vere eit godt utgangspunkt for å lukkast med integreringa.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectIKTno_NO
dc.titlePC i vidaregåande skule: Hovudsakleg fagleg eller ikkje-fagleg bruk?no_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel