PC i vidaregåande skule: Hovudsakleg fagleg eller ikkje-fagleg bruk?
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152398Utgivelsesdato
2011-12-14Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
For dei som kan å utnytte den, representerer PC-en eit hav av mogleheiter, både i arbeid og i
fritid. Å ha digital kompetanse har blitt viktig. Elevane – og lærarane – må lære seg å utnytte
potensialet digitale reiskap har for å skape best moglege læringssituasjonar. Lærarane må vere
gode rollemodellar og rettleiarar for dei unge. Dei unge kjem til skulen med ein kompetanse på
PC-en. Utnyttar skulen desse moglegheitene? I vidaregåande skule har no alle elevar tilgong til
berbar PC på skulen. Men kva vert PC-en nytta til i skuletida?
Tittelen på denne masteroppgåva er PC i vidaregåande skule – hovudsakleg fagleg eller
ikkje-fagleg bruk? Målet er å få innsikt i kva elevar i 3. klasse i vidaregåande skule i hovudsak
brukar PC-en til i skuletimane. I tillegg er det sett på om bruken på skule og fritid er
samanfallande, eller om elevane endrar bruksmønster alt etter den konteksten dei er i. For å
skilje skulerelatert- og fritidsrelatert bruk av PC-en, er omgrepa fagleg og ikkje-fagleg PC-bruk
nytta.Krumsvik brukar høvesvis “fagleg ikt bruk” og “rituell ikt bruk”. Den faglege bruken er
på den formelle læringsarenaen, og er knytt til undervisning og læring. Den ikkje-faglege PCbruken
er på den uformelle læringsarenaen. Den er ofte grunna på vane, sosiale behov,
underhaldning m.m. (Krumsvik, 2009).
Oppgåva bygger på kvanitative data, i form av spørjeskjema til 63 elevar. SPSS er nytta som
analysereiskap. Undersøkinga vart utført våren 2011, rett i forkant av elevane si eksamsperiode.
Respondentane er elevar ved programområde for realfag og programområde for språk,
samfunnsfag og økonomi. Alle respondentane tilhøyrer same skule. I tillegg til denne
undersøkinga, bygger drøfingane også på materiale frå ei elev- og lærarundersøking som
heimfylket til den aktuelle skulen gjennomførte i same periode. Her tok 1 720 elevar og 408
lærarar del. Undersøkingane har gått uavhengig av kvarandre, så det er berre på enkelte område
spørsmåla i dei to spørjeskjemaane til respondentane er samanfallande.
Resultata frå mi undersøking, viser at 63,5% av elevane svarar at dei brukar PC-en mest til
ikkje-fagleg aktivitetar i skulen. Facebook, chat og generell surfing er det som opptek dei mest
på PC-en, og mange rapporterer høg tidsbruk til dette i løpet av ein skuledag. Ein del elevar
brukar også noko tid på speling i timane. Det kjem også fram at elevane spelar oftare på skulen
enn på fritida.
Master IKT i læring 2011 Kristin Bakke Sæterås
4
Elles ser det i stor grad ut til at elevane har samanfallande PC-bruk i timane og på fritida. På
skulen brukar dei PC-en mindre til å høyre på musikk og sjå mindre film, men når det gjeld
tidsbruken av sosiale medium og generell surfing er det hovudsakleg samsvar på dei to
arenaane. PC-en er i hovudregelen framme i timane uansett om dei har bruk for den eller ikkje.
Fagleg sett er det to program på PC-en som elevane oppfattar som svært nyttig i læringsarbeidet
sitt. Det er skrivereiskap og programmet Geogebra i matematikk. På Internett nemner dei
spesielt tilgang til ordbøker (i fleire språkfag), økonomiske modellar og rekneark, og generell
informasjonssøk til enkeltfag (historie, RLE og samfunnsfag er nemnt spesielt).
Svært mange gir tilbakemelding på at PC-en er til distraksjon i timane, og dei er delte på om den
bidreg til at resultata/karakterane vert betre.
PC-en representerer ei utfordring både for elevane og lærarane, og mange elevar svarar at dei
gjerne vil ha strengare lærarar og meir restriksjonar på bruken i skuletimane. Dei viser til ei viss
grad at dei evnar å reflektere på konsekvensane av eigen PC-bruk, men ifylgje rapportering av
eigen bruk, ser det ikkje ut til at dei ikkje klarer å gjere noko med det på eiga hand. “Hadde eg
vore lærar hadde eg krevd at maskina låg i sekken heilt til eg ba dei om å ta den opp,
vanskelegare er det ikkje...”
Elevane har etterkvart opparbeida seg ei digital kompetanse som er basert på fritidsbruken av
digitale verkty. Denne bruken er vanskeleg å generalisere, fordi bruken på PC og Internett er
svært individuell frå elev til elev. Vi kan gruppere fritidsbruken inn i spel, kommunikative
aktivitetar, kreative skapande aktivitetar, informasjonssøk og heimearbeid (Holm Sørensen,
1997). Utfordringa for skulen er å integrere denne fritidskulturen i den vertikale diskurs
(Bernstein, 1996), men problemet er at ikkje alle fritidsrelaterte aktivitetar har noko å gjere i
rammene til skulen.
Det er mange aktuelle problemområder for vegen vidare. Denne undersøkinga tek eleven sitt
perspektiv, og viser ein bruk som ikkje passar inn i samfunnsmandatet til skulen. Det må gjerast
grep slik at elevane nyttar tida på skulen til læringsarbeid. I den forbindelese kunne det vere
aktuelt å sjå nærare på kva som kjenneteiknar skular som får denne integreringa til å fungere.
Det er mange interesser og motiv for at PC-en skal vere i klasserommet. Felles målsettingar for
alle involverte vil truleg vere eit godt utgangspunkt for å lukkast med integreringa.