Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTitlestad, Per
dc.date.accessioned2008-09-24T06:40:01Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152374
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg arbeidd med temaet kollaborativ samarbeidslæring i den vidaregåande skule og utgangspunktet har vore samarbeidslæring i elevgrupper på den tradisjonelle læringsarenaen (som regel klasserommet). Elevane er i dette samarbeidet store ressursar for kvarandre og dei samarbeider med stort utbyte, først og fremst ved at dei gjev kvarandre innsyn i kvarandre sitt arbeid. Ulempa med slikt samarbeid i klasseromet er at det for det meste berre skjer med sidemannen, dersom dei sit parvis i klasserommet. Fokuset i denne masteroppgåva har vore retta mot i kva grad LMS (Learning Management System) er eigna til å fremja kollaborativt samarbeid. Tanken er at det kan oppstå eit kollaborativt samarbeid av større omfang dersom den tradisjonelle , fysiske læringsarenaen vert utvida med ein digital arena. Bruk av LMS kan i beste fall gje alle innsyn i alle sitt digitale arbeid, dersom elevane er viljuge til å dela digitalt, dvs å leggja det dei arbeider med ut på LMS, slik at dei kan få innsyn i arbeidet til kvarandre. Innleiingsvis gjer eg greie for eigen bakgrunn som utgangspunkt for val av fagområde og problemstilling. Vidare har eg prøvd å sjå problemstillinga i lys av den auka satsinga på IKT i skulen og i samfunnet elles. I teoridelen er læring, samarbeidslæring, Computer Supported Collaborative Learning (CSCL) og LMS sentrale tema. Metodekapitlet er for ein stor del via den kvalitative metode for datainnsamling der instrumentet er intervjumetoden. Den sentrale delen er presentasjon av innsamla data og analysen av desse.en
dc.format.extent490906 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isoNor
dc.subjectIKTen
dc.titleLMS og samarbeidslæringen
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel