LMS og samarbeidslæring
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152374Utgivelsesdato
2008Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I denne oppgåva har eg arbeidd med temaet kollaborativ samarbeidslæring i den
vidaregåande skule og utgangspunktet har vore samarbeidslæring i elevgrupper på den
tradisjonelle læringsarenaen (som regel klasserommet).
Elevane er i dette samarbeidet store ressursar for kvarandre og dei samarbeider med
stort utbyte, først og fremst ved at dei gjev kvarandre innsyn i kvarandre sitt arbeid.
Ulempa med slikt samarbeid i klasseromet er at det for det meste berre skjer med
sidemannen, dersom dei sit parvis i klasserommet.
Fokuset i denne masteroppgåva har vore retta mot i kva grad LMS (Learning
Management System) er eigna til å fremja kollaborativt samarbeid. Tanken er at det kan
oppstå eit kollaborativt samarbeid av større omfang dersom den tradisjonelle , fysiske
læringsarenaen vert utvida med ein digital arena.
Bruk av LMS kan i beste fall gje alle innsyn i alle sitt digitale arbeid, dersom elevane er
viljuge til å dela digitalt, dvs å leggja det dei arbeider med ut på LMS, slik at dei kan få
innsyn i arbeidet til kvarandre.
Innleiingsvis gjer eg greie for eigen bakgrunn som utgangspunkt for val av fagområde
og problemstilling. Vidare har eg prøvd å sjå problemstillinga i lys av den auka satsinga
på IKT i skulen og i samfunnet elles.
I teoridelen er læring, samarbeidslæring, Computer Supported Collaborative Learning
(CSCL) og LMS sentrale tema. Metodekapitlet er for ein stor del via den kvalitative
metode for datainnsamling der instrumentet er intervjumetoden.
Den sentrale delen er presentasjon av innsamla data og analysen av desse.