Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHuglen, Kathrine
dc.date.accessioned2009-07-22T07:30:13Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152347
dc.description.abstractBakgrunnen for denne undersøkinga er innføringa av digitale hjelpemiddel i kunst og handverksfaget. For at teknologien ikkje skal bli teken i bruk berre for teknologien si skuld, ynskjer eg å synleggjere kva digital formgiving kan tilføre den skapande prosessen. At digitale verktøy påverkar formgivingsprosessen er det liten tvil om, og eg har hatt som mål å sjå nærare på moglegheiter og avgrensinga som ligg i bruk av ny teknologi. Som lærar har målet med denne undersøkinga vore å sjå på digital formgiving i eit fagdidaktisk perspektiv. Hovudproblemstillinga har vore å undersøkje kva digitale verktøy, i dette tilfellet 3D-modelleringsprogrammet SolidWorks, kan tilby av moglegheiter i arbeid med bruksform i leire. Under denne igjen har eg fleire underspørsmål som kan delast inn i tre område: Mennesket og verktøyet i ein problemløysingssituasjon, verktøyets brukarvennlegheit og til slutt ungdom og teknologi. Problemstillinga krev at eg går i djupna på kva som skjer når ein tek i bruk teknologi i ein skapande prosess. For å belyse kva som hender mellom mennesket, verktøyet og den oppgåva som skal løysast, har eg nytta teori som seier noko om korleis samspelet mellom dei ulike faktorane artar seg. Problemstillinga krev ei praktisk tilnæring til feltet. Undersøkinga er difor gjennomført ved eige skapande arbeid i tillegg til observasjon av elevar i vidaregåande skule. Undersøkinga viser at det å vere problemløysar i digitale verktøy byr på ulike utfordringar. I starten spelar dei tekniske utfordringane størst rolle. Dei erfaringane ein gjer seg i den første utforskande perioden, gjer at ein kan gå vidare mot ein meir sjølvstendig og friare bruk av verktøyet. Til tross for at det er eit omfattande verktøy som krev løysing av prosedyreproblem, vil høge ferdigheiter innanfor enkeltfunksjonar i verktøyet gi moglegheit for kreativitet. Dette vil eg framheve som eit poeng i forhold til ein undervisningssamanheng. Verktøyet gir altså brukaren moglegheit for å vere kreativ innanfor eit avgrensa område, og krev ikkje at ein må beherske heile verktøyet for å få til ein god bruk. I tillegg kan menyane tilpassast brukarane. Dette er ein fordel både for formgivarar og lærarar, som kan tilpasse menyoppsettet i forhold til oppgåver som blir gitt. Under undervisningsperioden av elevar frå vidaregåande viste bruken av skjermfilmar seg å vere av stor betyding. Desse kan tilpassast ulike ferdigheitsnivå og elevane får moglegheit til å jobbe i eige tempo. Elevane viste seg å vere uredde for å gå i gang med eit nytt og ukjend verktøy. Dei var fokuserte på å løyse skuleoppgåva, men gjorde ikkje problemet til sitt eige. Utfordinga til kunst og handverksfaget ligg i å få elevane til å bruke verktøyet på ein slik måte at teknologien trer i bakgrunnen og det skapande aspektet kjem i fokus.en
dc.format.extent4405217 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonoben
dc.subjectIKTen
dc.titleDigitalt handverk : kva kan digitale verktøy tilby av moglegheiter i arbeid med bruksform i leire?en
dc.typeMaster thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel