Dialog som læringsfremjande metode i klasserommet
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152213Utgivelsesdato
2013-09-03Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
BAKGRUNN: Eg har valt å forske på korleis dialog kan fremje læring både av
personlege grunnar og fordi den munnlege dugleiken spelar ei så stor rolle i
skulekvardagen til elevane og i Læreplanen for Kunnskapsløftet 2006. Trass i at denne
dugleiken er så relevant i alle fag er det lite fokus på korleis ein kan fremje den
munnlege dugleiken.
MÅL: Målet med denne forskinga er å finne svar på korleis klasseromssamtalen og
dialogen kan fremje læringa til elevane.
METODE: Eg har brukt kvalitativ metode, to observasjonar på sjuande- og på
åttandetrinnet, og to intervju med lærarane til dei observerte klassane.
RESULTAT: Funna mine underbyggjer allereie eksisterande teori og er innom fleire
sentrale trekk i læringssynteori og dialogisme. Funna i skulane er mykje dei same, og
lærarane viser nokså like personlege syn på læring.
FEILKJELDER: Skulane eg var å observerte på ligg i same kommune og i nokså tett
tilknyting til kvarandre. Informantane mine har ikkje arbeidd på den motsette skulen,
men har kjennskap til lærarar og elevar. Informantane mine er begge kvinner, dette kan
ha noko å sei for resultata. I ein så kvinnedominert læringskultur som den norske skulen
er, hadde det vore spanande å sett på ein mannleg lærar og hans måtar, metodar og
tankar. Ei tredje feilkjelde er at eg ikkje intervjua elevar, eg trur at med elevintervju
kunne eg ha fått fram eit anna aspekt ved samtalane i klasserommet, då hadde eg og fått
sett læraren, informanten min, utanfrå.