Vurderingspraksis i musikk
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152193Utgivelsesdato
2012-06-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne oppgåva omhandlar vurderingspraksis i musikk som skjer på barneskulen. Oppgåva mi
er i forbindelse med lærarutdanninga mi på Høgskulen Stord/Haugesund og undersøkinga har
funne stad våren 2012. Undersøkinga mi har eg gjennomført ved å intervjue tre
musikklærarar.
Målet med oppgåva var å finna ut kva vurderingspraksis som skjer i musikkfaget ute i skulen i
dag. Hovudproblemstillinga er: Kva opplevingar har læraren av vurderingspraksis i musikk?
Med hovudfokus på elevanes læring. I tillegg har eg nokre underliggjande spørsmål: 1. Er det
spesielle utfordringar lærarane står ovanfor når dei skal vurdera elevanes læring i musikk? 2.
Kva kriterium vurderer læraren etter? 3. Har utdanning og fagsynet til læraren noko å seie for
korleis ein vurderer?
I kapittel 1 vert bakgrunnen for oppgåva løfta fram, der eg fortel om kvifor eg har valt akkurat
dette tema. Vidare fortel eg om problemstillinga mi og korleis eg har disponert oppgåva.
I kapittel 2 vert den teoretiske forankringa presentert, som omhandlar vurdering. Dette har eg
henta frå ulik litteratur og forsking. Elles har eg brukt mykje læreplanen Kunnskapsløftet,
opplæringslova og ulike rettleiarar frå staten som har vært aktuell for oppgåva.
Kapittel 3 omhandlar metodevalet til undersøkinga mi. For å få svar på mi problemstilling har
eg brukt kvalitativ metode i form av intervju. I kapittel 4 vert dei empiriske funna presentert
og i kapittel 5 drøftar eg dei empiriske funna opp mot den presenterte teorien. Dette for å
prøva å finna svar på problemstillinga mi.
I kapittel 6 kjem konklusjonen, der eg drar i saman alle trådar og svarar på problemstillinga
mi.
I korte trekk fann eg ut at lærarane eg har intervjua meiner dei er dårlege til å vurdera i
musikk, fordi faget manglar kriterium å vurdere etter. I tillegg fann eg ut at alle dei som sa nei
til å verta intervjua, fortalte at dei ikkje vurderer i musikkfaget. Dette stemmer ikkje, for eg
har funne ut at alle gjer ein eller anna form for vurdering i klasserommet. Det eg finn
forskjellar på, er kva som vert vektlagt og grundigheten av vurdering. Vektlegginga på
vurdering kjem an på kva syn ein har til musikkfaget og grundigheten har med interesse for
vurdering å gjera, ikkje så mykje med utdanning.