Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHuglen, Anna Margrete
dc.date.accessioned2012-06-27T07:27:16Z
dc.date.available2012-06-27T07:27:16Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152187
dc.description.abstractGarden som pedagogisk ressurs er ei bacheloroppgåve skriven på lærarutdanninga ved Høgskulen Stord/Haugesund. Oppgåva har eit pedagogisk fokus, men er òg knytt til naturfaget. Tema for oppgåva er garden som pedagogisk ressurs, og målet med oppgåva er å finna ut korleis undervisning på garden kan vera med på å gje elevar motivasjon og meistringskjensle. I arbeidet med oppgåva har eg freista å sjå problemstillinga i lys av ulike teoriar. Dewey og konstruktivismen er med på å leggja det pedagogiske grunnlaget, medan eg har fokus på læring utanfor klasserommet gjennom teoriane til Arne Jordet og Merete Frøyland. Motivasjon og meistring er sentrale omgrep i problemstillinga, og eg har fokus på Maslow sitt behovshierarki og Atkinson sin teori om prestasjonsmotivasjon. For å finna svar på problemstillinga nytta eg kvalitativt intervju. Eg intervjua ein gardbrukar, ein lærar og to elevar, som alle hadde erfaring frå samarbeid mellom gard og skule. Fordi utvalet er svært lite kan eg ikkje nytta resultata til å generalisera, men fordi utvalet representerer ulike grupper og ulike skular, og det dessutan var eit stort samsvar i resultata frå dei fire intervjuobjekta er dette med på å gje forskinga større validitet. Vidare var det eit stort samsvar mellom mine resultat og dei teoriane eg har presentert. Det kan vera med på å gje forskinga validitet utanfor denne oppgåva. Resultata vert presentert i delkapittel som er organisert etter tema basert på dei resultata eg har fått. Desse resultata viser at opplæring på garden kan bidra til å gje elevar motivasjon og meistringskjensle på fleire ulike måtar. Garden representerer stor variasjon når det gjeld læringsmiljø og aktivitetar. Dette bidreg til at alle elevar finn oppgåver som dei meistrar. Garden er ei autentisk verksemd der elevane kan kjenna seg som del av eit felleskap der arbeidet deira gjev meining, og har verdi. Elevane får ansvar og tillit, og kan vera med på å påverka garden. Vidare får dei og læraren felles opplevingar og erfaringar som kan nyttast i undervisninga i klasserommet. Elevane får praktiske erfaringar som kan kntast opp mot det teoretiske i faga. Dette avheng av eit godt samarbeid mellom gard og skule. Mine resultat viser at det finnes eit forbetringspotensial på dette feltet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectelevkunnskapno_NO
dc.titleGarden som pedagogisk ressurs: Korleis kan bruk av garden som pedagogisk ressurs vera med på å gje elevar motivasjon og meistringskjensle?no_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel