Garden som pedagogisk ressurs: Korleis kan bruk av garden som pedagogisk ressurs vera med på å gje elevar motivasjon og meistringskjensle?
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152187Utgivelsesdato
2012-06-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Garden som pedagogisk ressurs er ei bacheloroppgåve skriven på lærarutdanninga ved Høgskulen
Stord/Haugesund. Oppgåva har eit pedagogisk fokus, men er òg knytt til naturfaget. Tema for
oppgåva er garden som pedagogisk ressurs, og målet med oppgåva er å finna ut korleis
undervisning på garden kan vera med på å gje elevar motivasjon og meistringskjensle.
I arbeidet med oppgåva har eg freista å sjå problemstillinga i lys av ulike teoriar. Dewey og
konstruktivismen er med på å leggja det pedagogiske grunnlaget, medan eg har fokus på læring
utanfor klasserommet gjennom teoriane til Arne Jordet og Merete Frøyland. Motivasjon og
meistring er sentrale omgrep i problemstillinga, og eg har fokus på Maslow sitt behovshierarki og
Atkinson sin teori om prestasjonsmotivasjon.
For å finna svar på problemstillinga nytta eg kvalitativt intervju. Eg intervjua ein gardbrukar,
ein lærar og to elevar, som alle hadde erfaring frå samarbeid mellom gard og skule. Fordi utvalet er
svært lite kan eg ikkje nytta resultata til å generalisera, men fordi utvalet representerer ulike grupper
og ulike skular, og det dessutan var eit stort samsvar i resultata frå dei fire intervjuobjekta er dette
med på å gje forskinga større validitet. Vidare var det eit stort samsvar mellom mine resultat og dei
teoriane eg har presentert. Det kan vera med på å gje forskinga validitet utanfor denne oppgåva.
Resultata vert presentert i delkapittel som er organisert etter tema basert på dei resultata eg
har fått. Desse resultata viser at opplæring på garden kan bidra til å gje elevar motivasjon og
meistringskjensle på fleire ulike måtar. Garden representerer stor variasjon når det gjeld
læringsmiljø og aktivitetar. Dette bidreg til at alle elevar finn oppgåver som dei meistrar. Garden er
ei autentisk verksemd der elevane kan kjenna seg som del av eit felleskap der arbeidet deira gjev
meining, og har verdi. Elevane får ansvar og tillit, og kan vera med på å påverka garden. Vidare får
dei og læraren felles opplevingar og erfaringar som kan nyttast i undervisninga i klasserommet.
Elevane får praktiske erfaringar som kan kntast opp mot det teoretiske i faga. Dette avheng av eit
godt samarbeid mellom gard og skule. Mine resultat viser at det finnes eit forbetringspotensial på
dette feltet.