dc.description.abstract | Å flytta delar av opplæringa i skulen ut til skulen sine nære omgjevnadar, er inga ny tanke.
Tanken har derimot djupe røter langt tilbake i pedagogikken si historie. Grunngjevinga har
vert at klasserommet utanfor tilbyr andre føringar for læring som ein meinar vil bidra til at
fleire elevar lukkast med skulearbeidet. Det har samt vore fokus på at det må skapast ein
relasjon mellom opplæringa i skulen og eleven sin erfaringsbakgrunn. Læreplanane har opp
gjennom tida støtta tanken om uteskule ved å syna kor viktig det er å ta i bruk dei høve og
ressursar ein finn utanfor klasserommet sine fire veggar (Jordet, 2010). Skular og lærarar har i
hovudsak nokså vidt handlingsrom for å ta i bruk naturen i opplæringa. Det er lite som kan
seiast å setja sperrer for uteskule (Repp, 1993). Likevel visar forsking at det å nytta naturen
som læringsarena, har svak posisjon internasjonalt (Klette, 2003).
Målet med mitt forskingsarbeid, er å danna eit bilete av utvalte erfarne lærarar sin
undervisningspraksis i uteskule. Dette for å få fram korleis naturen kan nyttast som
læringsarena i skulen. Læraren som kjenner seg trygg på korleis han kan undervisa ute, trur eg
vil ha lågare terskel for å ta med seg kunnskapen ut, og setja den i livet der den primært er
henta frå. For å få svar på dette, valte eg å gjennomføra kvalitative forskingsintervju av to
lærarar som har drive aktivt med uteskule i mange år. Eg valte også å observera utvalte
kvalitetar hos ein av informantane ein dag i uteskule. Dette for å få høve til å danna meg eigne
refleksjonar, utfylla og kanskje utdjupa informasjonen eg innhenta i intervjua.
Det som gjennomsyra og farga resultata av mitt forskingsarbeid, er at naturen som
læringsarena har svært mykje å tilføra undervisninga. Naturen som eit levande, mangfaldig og
uføreseieleg klasserom, opnar i større grad for å ta i bruk andre tilnærmingar til fagstoffet enn
klasserommet inne. I følgje informantane, var det å ha visse kunnskapar om naturen, ein
viktig føresetnad for å nytta seg av klasserommet der ute. Validiteten av forskinga eg har
gjennomført, er etter mi meining nokså valid. Den munnlege samtalen gav direkte og nære
kvalitative data, og i observasjonen kom eg tett innpå ein undervisningspraksis. Det er
sjølvsagt nokre feilkjelder som har, og nokre som kan ha, oppstått undervegs som vil
utvilsamt stilla spørsmål ved validiteten. Desse vil eg syna etter presentasjon av resultata. | no_NO |