dc.description.abstract | Resultat frå undersøkingar viser til at fråfallet frå vidaregåande skule er høgt . Eg synest det
kan vera interessant å sjå om det har noko samanheng mellom lågt karakternivå, manglande
motivasjon for matematikkfaget på ungdomssteget og fråfall i vidaregåande skule. Dette er
ei kvalitativ studie av fire ungdomsskuleelvar sine tankar om matematikkfaget, undervisinga,
og seg sjølve som elev. Eg vil fokusera på matematikkfaget fordi resultata frå
Stortingsmelding nr. 22 (2011,s.49) viser til at matematikk er eit fag der mange elevar har så
låg kompetanse at dei vil få problem med å gjennomføra vidaregåande opplæring.
Eg vil sjå nærare på kva ulike forskarar har funne ut om undervising og sjå korleis læreplanar
og retteliner frå Kunnskapsdepartementet, høver inn i desse teoriane. Studia viser at elevane
har tydlege meiningar om eigen læresituasjon og om eiga rolle som matematikkelev.
Problemstillinga mi ber bod om at eg skal freista å finna ut kva som kan gi elevane nytt
pågangsmot. På bakgrunn av teoriane eg viser til i oppgåva har eg laga eit forslag til eit
undervisingsopplegg. Det er min tanke med dette prosjektet at me som framtidige lærarar skal
verta medvetne på korleis me undervisar, kva oppgåver me gir elevane våre og korleis me
presenterar fagstoffet. | no_NO |