Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøksund, Lis
dc.date.accessioned2012-06-27T09:30:06Z
dc.date.available2012-06-27T09:30:06Z
dc.date.issued2012-06-27
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152161
dc.description.abstractArbeid med læringsstrategiar er vektlagt i Kunnskapsløftet (K06) og på Læringsplakaten som overordna prinsipp for opplæringa sine læringsmål. Etter mitt syn er det først og fremst viktig at elevar får ”lære å lære” fordi dei treng gode læringsverktøy på skulen og elles i livet. Elevar treng å tenkja høgt saman, reflektera og verta medvitne på kva dei skal læra, korleis og kvifor. Dei må oppleva samanheng mellom skulelæring og det verkelege livet. Et sentralt utgangspunkt for oppgåva er læreplanen Kunnskapsløftet og prinsippa i Læringsplakaten. Læringsplakaten seier at skulen skal ”stimulere elevene til å utvikle egne læringsstrategier og evne til kritisk tenkning”. Utdanningsdirektoratet påpeikar altså at elevane skal lære ulike framgangsmåtar for å nå kompetansemåla, men det vert ikkje sagt korleis dette skal gjerast (Kunnskapsdepartementet, 2006). Denne metodefridomen kan innebera at opplæringa vert praktisert ulikt i dei enkelte kommunar og på dei enkelte skuler. Fordi Kunnskapsløftet legg sterke føringar om bruk av læringsstrategiar i elevane si læring, er det av interesse å finne ut om elevane kan og nyttar seg av læringsstrategiar. Eg har i denne oppgåva sett nærare på om elevar på ungdomsskulen brukar læringsstrategiar, og har nytta tre veker i praksis i ein åttandeklasse til å laga undervisningsopplegg med hovudfokus på læresamtalen, observera elevane og til slutt gjennomføra ei spørjeundersøking der elevane svarar på spørsmål knytt til bruk av læringsstrategiar.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.subjectPedagogikkno_NO
dc.subjectElevkunnskapno_NO
dc.titleBruk av læringsstrategiarno_NO
dc.typeBachelor thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel