Bruk av læringsstrategiar
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152161Utgivelsesdato
2012-06-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Arbeid med læringsstrategiar er vektlagt i Kunnskapsløftet (K06) og på Læringsplakaten som
overordna prinsipp for opplæringa sine læringsmål. Etter mitt syn er det først og fremst viktig
at elevar får ”lære å lære” fordi dei treng gode læringsverktøy på skulen og elles i livet. Elevar
treng å tenkja høgt saman, reflektera og verta medvitne på kva dei skal læra, korleis og kvifor.
Dei må oppleva samanheng mellom skulelæring og det verkelege livet.
Et sentralt utgangspunkt for oppgåva er læreplanen Kunnskapsløftet og prinsippa i
Læringsplakaten. Læringsplakaten seier at skulen skal ”stimulere elevene til å utvikle egne
læringsstrategier og evne til kritisk tenkning”. Utdanningsdirektoratet påpeikar altså at
elevane skal lære ulike framgangsmåtar for å nå kompetansemåla, men det vert ikkje sagt
korleis dette skal gjerast (Kunnskapsdepartementet, 2006). Denne metodefridomen kan
innebera at opplæringa vert praktisert ulikt i dei enkelte kommunar og på dei enkelte skuler.
Fordi Kunnskapsløftet legg sterke føringar om bruk av læringsstrategiar i elevane si læring, er
det av interesse å finne ut om elevane kan og nyttar seg av læringsstrategiar.
Eg har i denne oppgåva sett nærare på om elevar på ungdomsskulen brukar
læringsstrategiar, og har nytta tre veker i praksis i ein åttandeklasse til å laga
undervisningsopplegg med hovudfokus på læresamtalen, observera elevane og til slutt
gjennomføra ei spørjeundersøking der elevane svarar på spørsmål knytt til bruk av
læringsstrategiar.