Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkeiseid, Gunvald
dc.date.accessioned2013-12-20T12:38:44Z
dc.date.available2013-12-20T12:38:44Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.citationSkeiseid, G. (2013). Tilbod og etterspurnad: Fag i allmennlærarutdanninga og fagbehov i grunnskulen. Stord: Høgskolen Stord/Haugesundno_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152150
dc.description.abstractDenne rapporten, delvis skriven i 1998, tek utgangspunkt i debatten som fylgde publiseringa av NOU 1996:22 Lærerutdanning – mellom krav og ideal. Fokus i debatten var på konsekvensar for dei ulike faga i lærarutdanninga av framlegget om å skjera ned den valfrie ramma frå 30 til 20 vekttal (tilsvarande 90 / 60 studiepoeng). Prognosen var m.a. at engelskfaget ville tapa mykje av rommet det før hadde hatt. Det faktiske resultatet er rapportert i Vedlegg 3. Vedlegg 3 syner også korleis lærarutdanningsreforma av 2003 la nye rammer for utvikling av kompetanse i dei ulike skulefaga; mellom anna vart engelsk styrkt, og matematikk voks til å bli det klårt største faget i utdanninga. Vidare vart fagbehovet i grunnskulen på tre tidspunkt – 1998, 2002, 2009 – undersøkt, med grunnlag i fagynskje melde frå kommunane i deira stillingsutlysingar for lærarar. Resultata for 1998 er rapporterte under ”Resultat, Del B”, og resultata for 2002 og 2009 i Vedlegg 5. Undersøkinga viser mellom anna at etterspurnaden på barnesteget etter lærarar i ”dei tre sentrale skulefaga” norsk, engelsk og matematikk auka svært mykje frå 2002 til 2009. Endeleg vart samhøvet mellom fagkompetanse utvikla i lærarutdanninga og type kompetanse etterspurd i grunnskulen undersøkt. Denne undersøkinga viser at profilen for fagkompetanse i lærarutdanninga samsvarar dårleg med etterspurnaden frå grunnskulen.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.publisherHøgskolen Stord/Haugesundno_NO
dc.relation.ispartofseriesHSH-rapport;2013/6
dc.relation.haspartOpphavleg rapport frå 1998no_NO
dc.relation.haspartOmtale av seinare innsamla informasjon kring fagtilbod i lærarutdanninga (2002)no_NO
dc.relation.haspartEtterspurnad etter fag i grunnskulen (2002 – 03; 2009 – 10)no_NO
dc.titleTilbod og etterspurnad: Fag i allmennlærarutdanninga og fagbehov i grunnskulenno_NO
dc.typeOthersno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel