Tilbod og etterspurnad: Fag i allmennlærarutdanninga og fagbehov i grunnskulen
Others
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152150Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Skeiseid, G. (2013). Tilbod og etterspurnad: Fag i allmennlærarutdanninga og fagbehov i grunnskulen. Stord: Høgskolen Stord/HaugesundSammendrag
Denne rapporten, delvis skriven i 1998, tek utgangspunkt i debatten
som fylgde publiseringa av NOU 1996:22 Lærerutdanning – mellom
krav og ideal. Fokus i debatten var på konsekvensar for dei ulike faga i
lærarutdanninga av framlegget om å skjera ned den valfrie ramma frå
30 til 20 vekttal (tilsvarande 90 / 60 studiepoeng). Prognosen var m.a.
at engelskfaget ville tapa mykje av rommet det før hadde hatt. Det
faktiske resultatet er rapportert i Vedlegg 3.
Vedlegg 3 syner også korleis lærarutdanningsreforma av 2003 la nye
rammer for utvikling av kompetanse i dei ulike skulefaga; mellom
anna vart engelsk styrkt, og matematikk voks til å bli det klårt største
faget i utdanninga. Vidare vart fagbehovet i grunnskulen på tre
tidspunkt – 1998, 2002, 2009 – undersøkt, med grunnlag i fagynskje
melde frå kommunane i deira stillingsutlysingar for lærarar.
Resultata for 1998 er rapporterte under ”Resultat, Del B”, og resultata
for 2002 og 2009 i Vedlegg 5. Undersøkinga viser mellom anna at
etterspurnaden på barnesteget etter lærarar i ”dei tre sentrale skulefaga”
norsk, engelsk og matematikk auka svært mykje frå 2002 til 2009.
Endeleg vart samhøvet mellom fagkompetanse utvikla i lærarutdanninga
og type kompetanse etterspurd i grunnskulen undersøkt. Denne
undersøkinga viser at profilen for fagkompetanse i lærarutdanninga
samsvarar dårleg med etterspurnaden frå grunnskulen.
Består av
Opphavleg rapport frå 1998Omtale av seinare innsamla informasjon kring fagtilbod i lærarutdanninga (2002)
Etterspurnad etter fag i grunnskulen (2002 – 03; 2009 – 10)