Skolefagsundersøkelsen 2011: Praktiske og estetiske fag på barnesteget i norsk grunnskule
Espeland, Magne; Arnesen, Trond Egil; Grønsdal, Ingrid A.; Holthe, Asle; Sømoe, Kjetil; Wergedahl, Hege; Aadland, Helga
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/152148Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Skolefagsundersøkelsen 2011 gir oppdatert kunnskap om ulike sider
ved skulefaga kroppsøving, kunst og handverk, mat og helse og musikk
slik desse blir praktiserte på barnesteget i den norske grunnskulen.
Innsamlinga av data er gjort gjennom ei nasjonal nettbasert omfattande
undersøking retta mot praktiserande lærarar på barnesteget. Rapporten
byggjer på ein analyse av 794 svar frå desse lærarane gjennomført av ei
tverrfagleg forskargruppe ved Høgskulen Stord/Haugesund og Høgskolen
i Bergen. Metodiske spørsmål er gjort greie for og drøfta i første kapitlet
i rapporten.
I kapittel 1 ”Metode eller danningsfag? Lærarperspektiv på praktiske
og estetiske fag på barnesteget” blir det fokusert på det som er felles for
faga. I kapittel 2 ”Kroppsøving på barnesteget – vektlegging av leik og
rørsleglede” ser ein nærare på læraroppfatningar av kroppsøvingsfaget.
Kapittel 3 ”Kunst og håndverk i barneskolen – et fag i oppløsning?”
drøftar resultat frå undersøkinga i et faghistorisk perspektiv, og kapittel 4
”Mat og helse på barnetrinnet – praktisk men ennå ikke kreativt” peikar
på at faget på dette steget først og fremst framstår som et praktisk fag. I
det siste kapitlet i rapporten, ”Musikkfaget på barnesteget – eit redusert
musikkfag?”, drøftar forfattarane om et lite fag er blitt ennå mindre gjennom
det valet av læringsaktivitetar lærarane synes å leggja opp til.