Digitale objekts plass i barns sosiale og språklege danning i barnehagen (DIGOB): Prosjektnr. NFR: 187576
Engelsen, Knut Steinar; Jernes, Margrethe; Kvinge, Lars Malvin; Vangsnes, Vigdis; Økland, Nils Tore Gram
Abstract
DIGOB-prosjektet har hatt som siktemål å studere barns aktivitet
rundt datamaskinen i barnehagen. Prosjektet har tre delstudier med
til dels ulike perspektiv. I delstudie 1 studerer vi det språklege samspelet
rundt barns leik med digitale spel. Delstudie 2 ser på roller og
inklusjon i barn-barn og barn-vaksen samspel rundt bruk av digital
teknologi i barnehagen. Eit viktig perspektiv i begge desse studiane
har vore å sjå på dei vaksne si rolle i høve til barna sin databruk. Delstudie
3 er ei nasjonal spørjeundersøking blant styrarar i norske
barnehagar om utbreiing av og haldningar til digitale verktøy i barnehagen.
Analysane viser på den eine sida at dei fleste barnehagane brukar
digitale verktøy i dei pedagogiske aktivitetane og at haldninga generelt
sett er positiv. På den andre sida vert det vist til nokre utfordringar når
det gjeld førskulelæraren si rolle i dei digitale kontekstane. Analysen
knytt til dei digitale spela viser at pedagogane strevar med å finne sin
plass mellom barnet og teknologien, og at det er eit stort behov for å
utvikle kompetanse på feltet både på individuelt og organisatorisk
nivå.