Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorArnesen, Thomas
dc.date.accessioned2010-03-12T11:56:39Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/152097
dc.descriptionDelrapport i Skolefagsundersøkelsen 2009
dc.description.abstractResultata frå den nasjonale kartleggingsstudien "Skolefagsundersøkelsen 2009" viser at IKT er berre brukt i moderat grad i engelskundervisinga på ungdomstrinnet. Det er berre digital tekstproduksjon og digitale presentasjonar som blir brukt oftare enn ”av og til”. Resultata tyder på at engelsklærarane ikkje manglar den digitale kompetansen eller haldningane som må til for å utnytte den nye teknologien. Likevel er mange engelsklærarar opptekne av at IKT må spele ei underordna rolle, og seier seg samde i at mange andre faktorar er viktigare enn IKT i forhold til det å oppnå gode resultat i faget. Dei som brukar IKT mest, legg mykje større vekt enn sine kollegaer på å utvikle elevane sin digitale kompetanse gjennom engelskundervisinga i tråd med føringane i læreplanen. Dessutan har dei endå høgare uformell IKT-kompetanse, ser endå fleire positive sider med IKT, prioriterer ei tilretteleggande lærarrolle og legg vekt på faginnhald som handlar om å utvikle elevane sine læringsstrategiar. Det er i første rekkje lærarar som legg vekt på å utvikle elevane sin språklege presisjon og vokabular, og som prioriterer tett oppfølging og det å stille krav til innsats og resultat, som bruker IKT lite. Generelt ser det ut til å vere ei rekkje, sidestilte fag- og metodepreferansar som slår ut i ulik IKT-bruk. Engelsklærarar flest brukar altså digitale hjelpemiddel der desse støttar opp under deira syn på kva som er viktige faglege dugleikar og kunnskapar. Den sterke vektlegginga av digital kompetanse som grunnleggande dugleik i læreplanen kan i verste fall tyde på at presset for å innføre IKT i undervisinga fører til ei målforskyving bort frå fundamentale faglege målsetjingar.en
dc.description.sponsorshipNorges forskningsråden
dc.format.extent363301 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.titleSkolefagsundersøkelsen 2009: Fagrapport engelsken
dc.typeOthersen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel