Kulturkollisjon: innvandrarbarns møte med norsk grunnskole i lys av Polanyis teori om taus kunnskap
Abstract
Norge har dei siste tiåra utvikla seg til å bli eit fleirkulturelt samfunn, men innslaga av barn
med minoritetsspråk er ujevnt fordelt kommunane imellom. Ca. 8 prosent av elevane i Norge
har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, medan dette gjeld for meir enn ein tredjedel av
elevane i osloskolen. I osloskolen er det nå registrert 120 ulike språk (Svendsen 2004).
Antalet minoritetsspråklege elevar vart meir enn fordobla i løpet av 1990-åra (Bakken 2003b),
og situasjonen i dag er at dei fleste skulane i Norge har innslag av elevar med ein annan
kulturell bakgrunn enn den norske. Ikkje rart at 2008 er utropt til ’mangfaldsåret’!