Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSelås, Ingunn
dc.date.accessioned2013-08-23T07:30:46Z
dc.date.available2013-08-23T07:30:46Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/150457
dc.descriptionMasteroppgåve i læring og undervisning Vårsemesteret 2013 Høgskulen i Sogn og Fjordane/Universitetet i Bergen
dc.description.abstractBakgrunn og formål Fysisk aktivitet (FA) bidrar positivt til fysisk og psykisk helse både hos vaksne og barn. Helsedirektoratet tilrår at barn og unge er fysisk aktive minst ein time kvar dag. Studier viser at berre 50% av norske 15-åringar oppfyller desse tilrådingane. Føremålet med denne studien er å undersøke aktivitetsnivået til barn i Sogn og Fjordane, og å undersøke om det er samanhengar mellom aktivitetsnivå og demografiske og livsstilsrelaterte variablar. Metode Masteroppgåva er ein tverrsnittsstudie basert på data frå prosjektet Helse, miljø og livsstil hjå barn og unge, som er ei undersøking av alle 11- og 13-åringar i Sogn og Fjordane. Dataa vart samla inn ved hjelp av eit sjølvadministrert spørjeskjema. Univariat og multippel logisitisk regresjon vart nytta for å undersøke samanhengar mellom relevante variablar og FA-nivå. Resultat 14,3% av barna i undersøkinga var fysisk aktive kvar dag og oppfyller dermed tilrådingane frå Helsedirektoratet. Barna som var mest aktive (4-6 gonger pr. veke eller kvar dag) utgjorde til saman 41,4%. Multippel logistisk regresjonsanalyse viste at korkje klassetrinn, kjønn eller sosio-økonomisk status (SØS) var avgjerande for FA-nivå. Derimot var eigenvurdert helse og meistringstru i kroppsøvingsfaget faktorar som påverka FA-nivå blant barna i utvalet, både i ujusterte og justerte analysar (p˂0,001). Konklusjon Studien viser at 14,3% av respondentane er fysisk aktive kvar dag. 58,6% er fysisk aktive mindre enn 4 gonger pr. veke og har dermed eit suboptimalt FA-nivå. Eigenvurdert helse og meistringstru i kroppsøvingsfaget er assosiert med FA-nivå, og det bør undersøkast nærare korleis ein kan påverke desse faktorane slik at fleire barn kan tilfredsstille tilrådingane frå Helsedirektoratet.no_NO
dc.language.isonnono_NO
dc.relation.haspartAvhandlingno_NO
dc.relation.haspartArtikkelno_NO
dc.subjectFysisk aktivitetno_NO
dc.subjectFysisk aktivitetsnivåno_NO
dc.subjectBarnno_NO
dc.subjectSogn og Fjordaneno_NO
dc.titleFysisk aktivitetsnivå blant 11- og 13-åringar i Sogn og Fjordaneno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel