• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett / Faculty of Education, Arts and Sports
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Fysisk aktivitetsnivå blant 11- og 13-åringar i Sogn og Fjordane

Selås, Ingunn
Master thesis
Thumbnail
Åpne
Selås_Ingunn_2013.pdf (2.858Mb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/150457
Utgivelsesdato
2013
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag [1741]
Sammendrag
Bakgrunn og formål

Fysisk aktivitet (FA) bidrar positivt til fysisk og psykisk helse både hos vaksne og barn. Helsedirektoratet tilrår at barn og unge er fysisk aktive minst ein time kvar dag. Studier viser at berre 50% av norske 15-åringar oppfyller desse tilrådingane. Føremålet med denne studien er å undersøke aktivitetsnivået til barn i Sogn og Fjordane, og å undersøke om det er samanhengar mellom aktivitetsnivå og demografiske og livsstilsrelaterte variablar.

Metode

Masteroppgåva er ein tverrsnittsstudie basert på data frå prosjektet Helse, miljø og livsstil hjå barn og unge, som er ei undersøking av alle 11- og 13-åringar i Sogn og Fjordane.

Dataa vart samla inn ved hjelp av eit sjølvadministrert spørjeskjema. Univariat og multippel logisitisk regresjon vart nytta for å undersøke samanhengar mellom relevante variablar og FA-nivå.

Resultat

14,3% av barna i undersøkinga var fysisk aktive kvar dag og oppfyller dermed tilrådingane frå Helsedirektoratet. Barna som var mest aktive (4-6 gonger pr. veke eller kvar dag) utgjorde til saman 41,4%.

Multippel logistisk regresjonsanalyse viste at korkje klassetrinn, kjønn eller sosio-økonomisk status (SØS) var avgjerande for FA-nivå. Derimot var eigenvurdert helse og meistringstru i kroppsøvingsfaget faktorar som påverka FA-nivå blant barna i utvalet, både i ujusterte og justerte analysar (p˂0,001).

Konklusjon

Studien viser at 14,3% av respondentane er fysisk aktive kvar dag. 58,6% er fysisk aktive mindre enn 4 gonger pr. veke og har dermed eit suboptimalt FA-nivå.

Eigenvurdert helse og meistringstru i kroppsøvingsfaget er assosiert med FA-nivå, og det bør undersøkast nærare korleis ein kan påverke desse faktorane slik at fleire barn kan tilfredsstille tilrådingane frå Helsedirektoratet.
Beskrivelse
Masteroppgåve i læring og undervisning Vårsemesteret 2013 Høgskulen i Sogn og Fjordane/Universitetet i Bergen
Består av
Avhandling

Artikkel

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit