dc.description.abstract | Zambia kan rangeras som rundt eit av dei fattigaste landa i verda. Over 70% av befolkninga lever i fattigdom. Spesielt ute i dei rurale områda der dei har tilgang på svært lite. Etter å ha hatt praksis i ein av landsbyane utanfor Livingstone, bestemte eg meg for å skrive om jenter og oppvekst i ein landsby i Zambia. Eg har brukt kvalitativ metode, med intervju av tre informantar, og etter mine funn, er det spesielt mange jenter som lever eit hardt liv med mykje arbeid på grunn av fattigdom.
Samstundes slik eg har forstått det som har vorte forklart til meg, vert gutane prioritert når det gjeld skulegang. Jentene må i tillegg til skulearbeid, hjelpe til med alt av husarbeid. Og sidan det er tradisjon for medgift i Zambia, er det lettare å gifte vekk dottera si, slik at ein kan vidare finansiera skulegang for gutane sine. | no_NO |