Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSleen, Katrine
dc.date.accessioned2010-01-18T08:51:39Z
dc.date.issued2009
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/149706
dc.descriptionGlobal Knowledge GK 302 000en
dc.description.abstractTittelen på oppgåva mi er ”Fysisk aktivitet, ernæring og helse i zambiske førskular”. Grunnen for at eg valte dette temaet er at det er noko som interesserer meg, og eg kunne tenke meg at dette var noko som var annleis i Zambia enn det er i Noreg. Problemstillinga mi blei ut frå dette: ”Fysisk aktivitet, ernæring og helse i zambiske førskular” - Korleis er det? - Kvifor? - Samanlikna med det norske, med vekt på faget fysisk fostring Eg har tok utgangspunkt i ein barnehage i Zambia, der eg observerte det dei gjorde og så gjennomførte eg eit intervju med den eine læraren i den førskulen eg var i praksis. Etter å ha samla inn teori og empiri, satt eg meg ned å drøfta det eg hadde funne. Eg såg med ein gong at det var store forskjellar mellom Noreg og Zambia, både når det gjaldt fysisk aktivitet og kosthald. Medan me i Noreg er veldig opptatt av å ha eit sunt kosthald i barnehagen, tek barna i Zambia med seg chips og brus til lunsj. Og medan me heile tida skal ut i skogen, og barna skal vere fysisk aktive, har dei i Zambia ein dag der dei er fysisk aktive, ikkje kvar dag slik som i Noreg. Men etter å ha sett dette, og byrja og drøfte det, fann eg mange grunnar til desse forskjellane. Blant anna er fedme eit stort problem i Noreg, medan i Zambia har dei eit problem med undervektige barn. I Noreg er det mykje stillesittande aktivitetar, medan i Zambia går dei til skulen og har andre aktivitetar enn fjernsyn og data. Samtidig har me i Noreg eit klima som gjer at me til ei kvar tid kan vere ute, så lenge me har klede til det. I Zambia kan det bli så varmt at barna kan blø naseblod dersom dei har for mykje fysisk aktivitet. Og så er det forskjellige ressursar, i Noreg har ein vaksen ansvar for 4-5 barn, medan i Zambia har ein vaksen ansvar for 20-30 barn. Dette vil sjølvsagt gjere at det blir vanskelegare å ta barna med på tur.en
dc.format.extent305037 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonnoen
dc.titleFysisk aktivitet, ernæring og helse i zambiske førskularen
dc.typeBachelor thesisen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel