Å lære å bli lærar : om læring og undervisning i fag, tema og ferdigheiter i ny lærarutdanning
Langfeldt, Gjert; Moe, Vegard Fusche; Apelseth, Arne; Fretland, Jan Olav; Sørheim, Bjørn; Haara, Frode Olav; Sætre, Per Jarle; Pedersen, Jon Helen; Ulvestad, Hilde Aga; Standal, Øyvind Førland; Werler, Tobias
Research report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/149603Utgivelsesdato
2011Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Lærarutdanningane er i støypeskeia. Frå hausten 2011 blir studentar tekne opp til
Grunnskulelærarutdanning og ikkje til Allmennlærarutdanning. Denne rapporten
dokumenterer korleis ein arbeider ved HiSF for å fylle ei målsetjing som kan uttrykkast
slik: Undervisninga som blir gitt i lærarutdanningane er den måten ein oppfyller dei
nasjonale målsettingane for lærarutdanningane på. Det å ta reforma på alvor, å studere
kva den betyr for dei ulike faga, står fram i rapporten som HiSF sitt alternativ til å
tilpasse seg nye retningslinjer på enklast muleg vis: Kvalitet i undervisninga er det målet
som alle bidragsytarane er opptekne av og skriv om. Rapporten gjer greie for korleis
dette skjer på tvers av fag, og viser også korleis reforma set rammevilkår som skapar nye
faglege dilemma.
Beskrivelse
Læringsforsking er eit prioritert område for forskings‐ og utviklingsarbeid ved Høgskulen i Sogn og
Fjordane. I 2009 etablerte høgskulen tre forskingsgrupper innan læringsforsking. Denne rapporten gir
uttrykk for diskusjonar og seminar som har vore hovudsporet til forskingsgruppa “Læring og
undervisning i fag, tema og ferdigheiter” i 2010‐11.
Med basis i Kunnskapsløftet, ny lærarrolle og ny lærarutdanning har forskingsgruppa “Læring og
undervisning” lagt vekt på diskusjonar om faglegheit i lærarutdanninga. Desse har kort og godt
handla om kvalitet på opplæringa. Kva er innhaldet i ny lærarutdanning? Korleis kan me omdanna
nasjonale føringar til lokale undervisningsopplegg som skal læra lærarstudentar å bli lærarar på ein
måte som svarer til utfordringar og krav studentane møter seinare som profesjonsutøvarar? Kva bør
vektleggast i opplæringa? Korleis kan prioriteringar grunngjevast?
Forskingsgruppa “Læring og undervisning” har sidan starten i 2009 vore sett saman av tilsette som
representerer alle faga i lærarutdanninga ved HiSF inkludert pedagogikk. Dei siste to åra har ei
gruppe på ni interne medlemmar frå norsk (Jan Olav Fretland og Arne Apelseth), engelsk (Bjørn
Sørheim), matematikk (Frode Olav Haara), samfunnsfag (Per Jarle Sætre), religion, livssyn og etikk
(Jon Helen Pedersen), kunst og handverk (Hilde Aga Ulvestad), kroppsøving (Vegard Fusche Moe) og
pedagogikk (Gjert Langfeldt) drøfta spørsmåla ovanfor med utgangspunkt i statusen til faga når me
diskuterer opplæring, og korleis denne statusen kan utforskast med allmennpedagogiske
vurderingar. Mot slutten har også to eksterne bidragsytarar blitt med på rapporten. Øyvind Førland
Standal frå Norges idrettshøgskole er medforfattar på kapitlet om kroppsøving og Tobias Werler frå
Høgskulen i Volda bidreg med eit kapittel om faget pedagogikk og elevkunnskap. Arbeidet har blitt
leia av professor Gjert Langfeldt og førsteamanuensis Vegard Fusche Moe.
Målgruppa til rapporten er alle som er opptekne av opplæring i høgare utdanning. Spesielt er
rapporten meint for tilsette og studentar i lærarutdanninga ved HiSF og ved andre lærarutdanningar.
Me håpar rapporten gir eit godt bilete av mangfaldet i spørsmål om opplæring og at den kastar eit
tydeleg lys på forholdet mellom undervisning og læring på den eine sida og fagdidaktikk og
pedagogikk på den andre sida.