Under stadig utvikling.... : rapport om Undersøking av digitale læremiddel på begge målformer
Abstract
Undersøkinga har teke utgangspunkt i prinsippet i opplæringslova om
læremiddel til same tid og same pris på både nynorsk og bokmål, og ut frå
det sett på situasjonen for digitale læremiddel i grunnskule og vidaregåande
skule. Vi har sett på nettressursar i dei store læreverka til forlaga, på reint
nettbaserte studium, på aktuelle offentlege læringsportalar, på dei store
læringsplattformene, som Fronter og It’s learning, og på ulike andre
nettressursar som kan seiast å liggja innanfor det som er regulert av
opplæringslova. Ein hovudtendens er at mange læremiddelprodusentar har
eit uavklåra eller ureflektert forhold til parallellitetskrava. Særleg gjeld dette
dei nasjonale sentra knytte til realfag, der bokmål er så å seia einerådande.
Forklaringa på at det manglar nynorsk i så mykje av dei digitale læremidla,
er at ein manglar pengar, at det meste i programma blir laga av brukaren
sjølv, at stoffet er meint berre for lærarar eller at ressursane ikkje kjem inn
under opplæringslova. Undersøkinga avdekkjer eit akutt behov for avklaring
og presisering og for støttetiltak til nynorsk.
Series
HSF Rapport9/2008