Skulevurdering - ekstern eller intern? : rapport frå Sogn og Fjordane si deltaking i det nasjonale prosjektet "Ekstern deltaking i lokalt vurderingsarbeid"
Abstract
Stortinget vedtok våren 1999 å gjennomføre eit treårig forsøksprosjekt der eksterne personar
deltar i kvalitetsvurdering i skulen. Sogn og Fjordane er eit av 6 fylke som har vore med i
fase II i denne utprøvinga. Statens utdanningskontor har hatt ansvar for prosjektet som er
gjennomført ved to vidaregåande- og fire grunnskular i fylket.
Hovudmålsettinga har vore å gjere erfaringar med metodar der breitt samansette grupper av
eksterne personar går inn og deltar som samtalepartar og ressurspersonar for skular,
kommunar og fylkeskommunar.
Rapporten drøftar m.a. desse sentrale spørsmåla:
- korleis velje fokusområde for vurderingsarbeidet?
- korleis rekruttere eksterne deltakarar?
- kva type informasjon og skulering trengst ved oppstart ?
- korleis utvikle vurderingskriterium ?
- kva er eigna organisering og metodar i datainnhentinga ?
- korleis melde tilbake vurderingsresultata?
- korleis sikre at kvalitetsvurdering fører til kvalitetsutvikling ?
Det blir konkludert med at bruk av eksterne deltakarar i skolevurdering er nyttig i forhold til
skulens utvikling og legitimitet. Ekstern og intern skulevurdering må sjåast i samanheng.
Ein må arbeide vidare med modellar som er minst mogleg kostnadskrevjande.
Det blir rådd til at departementet endrar forskriftene for skuleverket slik at skulane jamleg
nyttar eksterne deltakarar i vurderingsarbeidet sitt.
Series
HSF Rapport3/2002