Å forske på organisasjonslæring i skolevurdering : ei kritisk drøfting av ulike tilnærmingsmåtar
Abstract
Teksten er ei vitskapsteoretisk drøfting av utfordringar ved å forske på endrings- og utviklingsprosessar i skolevurderingsarbeid.
Når norske styresmakter legg auka vekt på kvalitetsvurdering som styringsreiskap i skolen, vil det vere vesentleg å etablere forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar dei prosessane som finn stad i ulike former for vurderingsarbeid. Dette essayet søker å klårgjere aktuelle forskingsstrategiar ved å sjå på kva som kan vere viktig kunnskap på dette feltet, og korleis vi kan skaffe oss slik kunnskap.
Drøftinga tar opp sterke og svake sider både ved kvalitativ og kvantitativ forsking på arbeid med kvalitetsvurdering - ein diskusjon som er svært aktuell når m.a. Noregs Forskingsråd frå 2004 initierer ei rekke større forskingsprosjekt på dette området.
Series
HSF Notat14/2004