Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNøstbakken, Anna
dc.date.accessioned2024-07-30T07:46:36Z
dc.date.available2024-07-30T07:46:36Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3143643
dc.descriptionMaster i Kunstfag Høgskulen på Vestlandet campus Storden_US
dc.description.abstractDette forskingsprosjektet undersøker ulike måtar dei musikalske og sosiale elementa kan påverke kvarandre i korpsverksemda, og korleis det verkar inn på deltakarane sitt samarbeid om å oppnå deira individuelle og kollektive mål. Føremålet med prosjektet er å auke ei forståing i korleis dei sosiale relasjonane mellom menneske kan påverke eit praksisfellesskap, samt korleis ein kan skape gode samarbeidsrelasjonar. Eg valte å gjennomføre ein etnografisk studie av eit brassband på Vestlandet, der det blei gjennomført observasjonar av tre fellesøvingar, samt fire djupneintervju. Intervjudeltakarane bestod av tre musikantar med blant anna ulike instrument og roller i praksisfellesskapet, og brassbandet sin faste dirigent. I løpet av forskingsprosjektet har eg hatt eit sosiokulturelt forskarperspektiv, og datamaterialet er analysert ved bruk av Wenger (2004) sine tre dimensjonar for eit praksisfellesskap; felles verksemd, gjensidig engasjement og felles repertoar. Funn frå kva normer og reglar som er forhandla i fellesskapet, samt andre funn eg opplev som grunnleggjande for brassbandet sin praksis, har eg valt å plassere innan felles verksemd. Funna som visar kvifor deltakarane vel å delta i brassbandet, samt korleis dei sosiale relasjonane påverka praksisfellesskapet, er plassert innan gjensidig engasjement. Dei siste funna innebere ulike ressursar, verktøy og metodar som kan påverke det sosiale og musikalske fellesskapet, og er plassert innan felles repertoar. I undersøkinga av korleis dei musikalske og sosiale elementa påverka kvarandre, tenkjer eg eitt av dei viktigaste funna å løfte fram, er korleis eit støttande og oppmuntrande praksisfellesskap kan bidrege til musikalsk læring og utvikling. Tryggleik og tillit mellom deltakarane visar blant anna ein påverknad på om musikantane er trygg i å spele og tørr å utvikle sin musikalitet. Dei sosiale relasjonane visar òg å væra avgjerande for korleis læringa blir formidla og motteke mellom deltakarane, og påverka slik den sosiale og musikalske læringa. Dei sosiale relasjonane mellom deltakarane kan derimot òg bli påverka av dei musikalske elementa, avhengig om deltakarane har ei sterk eller svak grad av målaksept og måloppfylling mot eit vellukka musikalsk fellesskap. Som ein del av forskingsprosjektet, undersøkte eg òg kva som kan kjenneteikne samarbeidsrelasjonar i eitt vaksenkorps, og ende på fem ulike kjenneteikn; å heie kvarandre fram med oppmuntring og skryt, god kommunikasjon, å arbeide mot eit kollektivt forhandla mål, god relasjon mellom musikantar og dirigent, og sosial tryggleik. Då forskingsprosjektet set fokus på det å byggje relasjonar og skape samarbeid med ei gruppe menneske som har same engasjement for ein aktivitet, håpar eg at forskinga kan væra relevant for fleire typar praksisfellesskap enn dei musikalske.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleSosiale og musikalske koplingar i vaksenkorpseten_US
dc.title.alternativeSocial and musical connections in the community banden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMKUF550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal