Lesson study som metode for forskingspraksis i lærarutdanninga. Rapport frå eit pilotprosjekt
Report
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3132367Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Rapport [73]
Sammendrag
Hausten 2023 gjennomførte HVL Stord og LU-skulen Rubbestadneset skule eit pilotprosjekt med alternativ gjennomføring av praksis for femteårsstudentane. Piloten gjekk ut på at studentane i staden for vanleg praksis gjekk gjennom ein Lesson study-syklus saman med praksislærarane sine. Seks studentar deltok i piloten, og to av studentane samla materialet for masteroppgåvene sine gjennom prosjektet.
Målet med denne rapporten er å gje innsyn i ein alternativ måte å organisera praksisen på i syklus 2 (dei to siste åra) i grunnskulelærarutdanninga. I piloten gjekk ein frå tradisjonell praksisorganisering til å fordela praksisdagane i tråd med fasane i Lesson study. I staden for tre samanhengande veker, strekte praksis seg over to månader, og inkluderte tre samlingar der både studentane, praksislærarane og faglærarane frå HVL deltok. Denne organiseringa gav rom for mellomarbeid for studentane – der dei kunne reflektera, bearbeida og førebu «forskingstimen». Denne rapporten oppsummerer erfaringane frå studentar, praksislærarar og faglærarar, og peikar framover mot moglege alternative organiseringar for praksis i syklus 2 av lærarutdanning
Beskrivelse
HVL sin skriftserie, rapport