Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEspevik, Helena Synnøve
dc.date.accessioned2024-05-28T06:48:59Z
dc.date.available2024-05-28T06:48:59Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3131619
dc.descriptionIKT i læring. Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfagen_US
dc.description.abstractHovudtemaet i denne oppgåva er utanomfagleg bruk av datamaskin i skulen. Dette temaet valde eg fordi det dei siste åra har vore ein debatt om digitaliseringa av skulen. Ein del av debatten har handla om at digitale distraksjonar kan føra til høg utanomfagleg bruk. Ulik forsking presentert i denne oppgåva viser at dette ikkje er eit uvanleg fenomen i skulen. Noko som er positivt er at elevane no rapporterer at datamaskinen distraherer dei mindre, samt at dei driv med mindre utanomfagleg bruk enn tidlegare. Oppgåva er basert på lærarar sine erfaringar med utanomfagleg bruk av datamaskin i undervisninga. Problemstillinga er: Korleis erfarer lærarar på ungdomstrinnet utanomfagleg bruk av datamaskin i undervisninga? For å gå i djupna i problemstillinga, er det brukt fire forskingsspørsmål. Det teoretiske grunnlaget i denne oppgåva er affordance-teori og sosial kognitiv læringsteori. Det vil òg bli brukt litt teori om klasseleiing med fokus på teknologirike klasserom. Forskingsmetoden i denne oppgåva er kvalitativ med hermeneutisk tilnærming. Dette er valt grunna interessa for informantane sine erfaringar og meiningar om temaet. Semistrukturert intervju vart nytta til å intervjua fem lærarar ved to ulike skular i ein kommune. Kommunen hadde 1:1-dekning av datamaskinar på ungdomstrinnet. Alle intervjua vart transkriberte i Nvivo og deretter analysert. Fire av intervjua vart gjennomført gjennom videosamtale i Microsoft Teams, samt eit fysisk intervju. Funn i intervjua viser at lærarane har høg meistringsforventning. Lærarane har ulike strategiar for å få ned utanomfagleg bruk, der det var hovudvekt på didaktiske strategiar. Klasseleiing såg informantane på som særs viktig for den utanomfaglege bruken. Å vera ein tydeleg klasseleiar meinte informantane var viktig. Dersom ein ser på kva informantane ikkje trudde ville fungera, så var dette å vera ettergivande som klasseleiar. Når det gjeld tekniske strategiar og då støttestrukturar, nytta den aktuelle kommune seg av å stengje ned nettstader. Tankane informantane hadde om støttestrukturar var litt ulik. Informantane tenkte stort sett at dette kunne føra til mindre utanomfagleg bruk, men var skeptiske til å ta det mykje i bruk. Skepsisen var hovudsakleg knytt til sjølvregulering. Manglande sjølvregulering og at elevane var for lite modne, kom fram som ein grunn til utanomfagleg bruk. Utanom kom grunnar som at teknologien var meir spanande, eller at eleven ikkje visste kva han skulle gjere. Informantane i studien opplever ikkje at den utanomfaglege bruken er eit problem for fleirtalet av elevane, men at det kan vere negative konsekvensar for dei det gjeld.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleMed Roblox i skulesekkenen_US
dc.title.alternativeWith Roblox in the school backpacken_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMASIKT-OPGen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal