Korleis går dei yngste i barnehagen i dialog med ein installasjon, der foto og film er ein integrert del av materiale?
Working paper
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3111525https://hvl.cloud.panopto.eu/Panopto/Pages/Viewer.aspx?id=76193742-ec1f-45c5-86fc-b0bb01660d2c
Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- HVL-Notat [35]
Sammendrag
Installasjonen var utvikla med tanke på dei yngste i barnehagen, som del av undervisninga til fordjupinga Kunstfagleg arbeid i barnehagen, ved barnehagelærarutdanninga på HVL, campus Stord, hausten 2021.
Installasjonen var utarbeida på bakgrunn av erfaringar frå undervisning og forsking, med inspirasjon frå samtidskunsten.
Installasjonen bestod av projisering av bilde og film i kombinasjon med kvite boksar, papp esker, speil, ein raud puff og udefinerbart materiale (korkar, treplater, tekstil, blad, flasker). Utforming og utval av materiale, er valt for å støtte opp om dei yngste sin kroppslege og utforskande veremåte.
Forskingsspørsmålet som var bakgrunnen for installasjonen var: Korleis går dei yngste i dialog med ein installasjon, der foto og film er ein integrert del av materiale?
Gjennom å invitere barn i alderen 1 og 2 år, fekk både studentar og faglærarar observere korleis barna tok rommet i bruk og korleis dei interagerte med all materiale i installasjonen, både dei digitale, det fysiske, og samspelet mellom dei.
Prosjektet er formidla gjennom ein film. Prosjektet er vurdert og godkjend innanfor HVL sitt system for fagfellevurdering av kunstfaglege forskingsformer – KFF.
Beskrivelse
Refleksjon av kunstfaglig forskning