Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLongvanes, Oda Johnsen
dc.date.accessioned2023-12-20T08:44:45Z
dc.date.available2023-12-20T08:44:45Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3108315
dc.descriptionMaster i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolkingen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek sikte på å undersøke korleis terrorisme vert framstilt i fagbøker for barn. Gjennom ei nærlesing av fire fagbøker med barn som målgruppe, vil oppgåva undersøke korleis forfattarane tilpassar teksten for å gjere denne tematikken forståeleg for ein ung lesar. Ved å bruke teori om terrorisme og knyte dette opp mot ein tekstanalyse, vil oppgåva undersøke både kunnskapsformidlinga og estetikken i fagbøkene. Undersøkinga tek utgangspunkt i fire fagbøker: Terrorisme (2003) av Adam Hibbert, Terrorisme (2008) av David Smith, Det var en gang en sommer (2013) av Vidar Kvalshaug og Terror (2015) av Harald Skjønsberg. Terrorisme er tematisert i alle dei fire bøkene. Tre av bøkene skal gi ei generell forståing av terrorisme og omhandlar fleire forskjellige terrorangrep, medan Det var en gang en sommer handlar spesifikt om terrorangrepet i Noreg 22. juli 2011. Oppgåva diskuterer korleis dei fire bøkene framstiller temaet terrorisme gjennom å sjå på utvalet av kunnskap, organiseringa av kunnskap, lesarkontakta, forteljarstemma, språk og språklege verkemiddel og den visuelle fagformidlinga. Er det mogleg å formidle kunnskap om terrorisme utan å skape frykt? Funna i nærlesingane viser at alle fagbøkene bruker samspelet mellom tekst og bilete på ein avløysande måte, der kunnskapen om terrorisme er formidla på ulik måte i tekst og bilete. Bøkene i materialet nyttar på ulikt vis dette samspelet mellom modalitetane, og analysen viser at tekstane formidlar kunnskap om terrorisme som eit potensielt farleg tema anten gjennom tekst eller gjennom bileta. Framstillinga av terrorisme viser terrorisme som eit potensielt farleg tema, men ikkje så «skummelt» at ikkje born kan lære om det.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleTerror tilpassa barn? Ei nærlesing av fagbøker for barn om terrorismeen_US
dc.title.alternativeTerrorism adapted for children? A close reading of children’s non-fiction books about terrorismen_US
dc.typeMaster thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal