Terror tilpassa barn? Ei nærlesing av fagbøker for barn om terrorisme
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3108315Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva tek sikte på å undersøke korleis terrorisme vert framstilt i fagbøker for barn. Gjennom ei nærlesing av fire fagbøker med barn som målgruppe, vil oppgåva undersøke korleis forfattarane tilpassar teksten for å gjere denne tematikken forståeleg for ein ung lesar. Ved å bruke teori om terrorisme og knyte dette opp mot ein tekstanalyse, vil oppgåva undersøke både kunnskapsformidlinga og estetikken i fagbøkene.
Undersøkinga tek utgangspunkt i fire fagbøker: Terrorisme (2003) av Adam Hibbert, Terrorisme (2008) av David Smith, Det var en gang en sommer (2013) av Vidar Kvalshaug og Terror (2015) av Harald Skjønsberg. Terrorisme er tematisert i alle dei fire bøkene. Tre av bøkene skal gi ei generell forståing av terrorisme og omhandlar fleire forskjellige terrorangrep, medan Det var en gang en sommer handlar spesifikt om terrorangrepet i Noreg 22. juli 2011.
Oppgåva diskuterer korleis dei fire bøkene framstiller temaet terrorisme gjennom å sjå på utvalet av kunnskap, organiseringa av kunnskap, lesarkontakta, forteljarstemma, språk og språklege verkemiddel og den visuelle fagformidlinga. Er det mogleg å formidle kunnskap om terrorisme utan å skape frykt? Funna i nærlesingane viser at alle fagbøkene bruker samspelet mellom tekst og bilete på ein avløysande måte, der kunnskapen om terrorisme er formidla på ulik måte i tekst og bilete. Bøkene i materialet nyttar på ulikt vis dette samspelet mellom modalitetane, og analysen viser at tekstane formidlar kunnskap om terrorisme som eit potensielt farleg tema anten gjennom tekst eller gjennom bileta. Framstillinga av terrorisme viser terrorisme som eit potensielt farleg tema, men ikkje så «skummelt» at ikkje born kan lære om det.
Beskrivelse
Master i barne- og ungdomslitteratur Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking