Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNavarsete, Anders Løbø
dc.contributor.authorHøyland, Silje Kathrine
dc.date.accessioned2023-11-20T12:04:48Z
dc.date.available2023-11-20T12:04:48Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.isbn978-82-8461-046-7
dc.identifier.issn2535-8103
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3103562
dc.description.abstractUndersøkinga vart sendt ut til alle førsteårsstudentar tekne opp til haustsemesteret 2023 ved grunnutdanningar, integrert masterutdanningar, alternative vegar til ingeniørutdanningane (slik som forkurs, y-veg og liknande). Respondentane har svart på spørsmål knytt til korleis dei fekk kjennskap til HVL, kva faktorar som ligg bak valet, og korleis dei opplevde studiestarten. Medan ein i undersøkinga i fjor såg relativt store endringar særleg på sosiale indikatorar etter slutten på pandemien, er det i år ei stabilisering av resultata med mindre endringar. Sidan fjoråret hadde jamt over hadde gode resultat, er det verdt å ta med seg at lite endring isolert sett er positivt. HVL rekrutterer 74% av studentane sine i førsteårskullet frå Vestland og Rogaland, dette er uendra frå i fjor. Mellom campus varierer talet frå 93% ved campus Stord til 58% campus Sogndal. Nasjonal rekruttering bør helst fortsette å auke, då vi veit at det fram til 2027 vert mindre årskull som fører til sterkare konkurranse om studentane. Som vi ser også i dag, gjer dette særleg mindre campus meir sårbare. Campusane sine ulikskapar i form av studieportefølje, geografi/urbanitet, og omdøme påverkar studentmassen og følgjeleg søkjarane sine preferansar for å velje HVL. På trass av dette, er «Fagleg interesse» den viktigaste faktoren for å velje HVL ved alle campus, og den har styrka seg frå i fjor. Det understrekar viktigheita av eit treffsikkert studietilbod. På spørsmål om korleis respondentane oppdaga studiet, er som tidlegare kjelda «personar eg kjenner» rangerst øvst. Tillitspersonar er framleis viktigast når respondentane rådfører seg i val av studium og «foreldre» er gruppa som flest meiner er viktig, etterfølgt av «venner» og «studentar eller tidlegare studentar ved HVL». Fornøgde studentar er det sterkaste verkemiddelet for rekrutteringa til HVL. At dei gode resultata i dei sosiale indikatorane held fram i år er såleis viktig i dette biletet. Vi ser ei relativt høg deltaking på arrangementa i studiestarten, og 8/10 som deltek på fadderveka seier dei vert svært godt eller godt kjende med medstudentar. Samstundes avdekker fritekstsvara at det er ein auke i talet på misfornøgde tilbakemeldingar. Her ser det ut til at det er stor variasjon mellom faddergruppene der enkelte nedprioriterer alkoholfrie arrangement. Det synest å vere potensiale for å betre legge til rette for dei som ikkje deltek på fadderveka eller ikkje er komfortable med gruppa si.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.relation.ispartofseriesHVL-rapport;2023/8
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.titleRekrutteringsundersøkinga 2023en_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber44en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal