Show simple item record

dc.contributor.authorVie, Marie Strømmen
dc.date.accessioned2023-11-03T12:16:12Z
dc.date.available2023-11-03T12:16:12Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3100526
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. -10. trinn, spesialpedagogikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractFormålet med dette masterprosjektet er å undersøke erfaringar frå foreldre med barn med spesialpedagogiske behov i spesialskulen og den ordinære skulen gjennom problemstillinga: Kva erfaringar frå spesialskular og ordinære skular løftast fram av foreldre med barn med spesialpedagogiske behov? Hensikta med masterstudien er å fremme foreldrestemma i spesialskuledebatten, for å gi økt kunnskap og innsikt om temaet. Spesialskular vert tatt opp og diskutert blant ulike rapportar og artiklar, og i denne studien er teorien tatt utgangspunkt i rapportane til Barneombudet (2017), Nordahl et.al (2018) og NOU (2019:23). Studien vart gjennomført ved hjelp av ein kvalitativ metode, nærmare bestemt dokumentanalyse og tematisk analyse av allereie eksisterande datamateriale frå kjente norske aviser. Resultata frå datamaterialet viser at foreldre på generell basis er fornøgd med tilbodet barna deira får på spesialskulen. Det blir midlertidig hevda at det ikkje nødvendigvis var eit enkelt val å ta, særleg på grunn av alt stigmaet rundt å sende barn på spesialskular. Det vart også gitt uttrykk for at det var leit at det er stigmatisert å ha barn på spesialskular, til tross for at foreldre opplever at spesialskulen fungerer for sine barn. Nokre foreldre hevdar at spesialskulen er inkluderande, medan andre trekk fram spesialskulen som segregerande, utan at dette er negativt for deira born. Foreldra trekk fram at barna deira oppnår større fagleg og sosial læring, trivsel og meistring i spesialskulen. Viktige punkt dei trekk fram er at barna deira har for fyste gong fått venner, og at læringskurva har auka. Dei nemner også at lærarane i spesialskulane er gode på å sjå den enkelte elev sine behov, for å tilpasse skulekvardagen best mogleg. Dei vaksne vert også sett på som kompetente og fleksible. Foreldre frå denne studien hevdar at det som skulle vere inkluderande i den ordinære skulen, heller vart segregerande for sine barn med spesialpedagogiske behov. På bakgrunn av resultata kan ein hevde at foreldra i denne studien har eit positivt syn på spesialskular. Dei opplever at spesialskulen gir det beste tilbodet for deira barn, i forhold til dei erfaringane dei har gjort i den ordinære skulen.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.subjectspesialskoleen_US
dc.titleSpesialskulen eller ordinærskulen? Foreldre sine erfaringaren_US
dc.title.alternativeSpecial school or ordinary school? Parents’ experiencesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUSP550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal