Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLægreid, Vilde Eikås
dc.date.accessioned2023-11-03T12:01:38Z
dc.date.available2023-11-03T12:01:38Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3100517
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. -10. trinn, spesialpedagogikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractProblemstillinga for oppgåva er: Korleis møter lærarar elevar med utagerande åtferd, og korleis kan ulike sider ved direkte og indirekte pedagogikk vere eit hjelpemiddel i møte med utagerande åtferd? Utgangspunktet for oppgåva er eit ynskje om å auke kompetansen til tilsette i skulen rundt utagerande åtferd og pedagogiske handlingar i form av direkte og indirekte pedagogikk. Føremålet er å finne ut om lærarar bevisst bruker direkte og indirekte tilnærmingar til åtferda, og korleis det kan påverke åtferda, ved å førebygge eller utløyse den. Oppgåva tar også sikte på å sette søkelyset på korleis informantane i intervjuet forstår pedagogisk handlingskompetanse, og her sin eigen kompetanse, og korleis dei ser på utagerande åtferd. I teoridelen tar eg utgangspunkt i problemstillinga når eg presenterer relevant forsking og teori. Det blir gitt eitt innblikk i måtane å definere utagerande åtferd på og eg ser også på risikofaktorar og beskyttande faktorar knytt til utvikling av ei utagerande åtferd. Her er det fleire faktorar som har stor relevans for lærarar å ha kunnskap om. Vidare rettar eg fokuset på direkte og indirekte pedagogikk som pedagogiske handlingar med teorien til Sæverot (2022) som fundament. Han knyt direkte og indirekte pedagogikk til undervisning og arbeidsmetodar, mens eg søker å knyte det til å møte og førebygge utagerande åtferd. I prosjektet er det vitskapsteoretiske grunnlaget fenomenologisk-hermeneutikk, og metoden i prosjektet er derfor kvalitativ metode med forskingsintervju. Det blei gjennomført eit semistrukturert intervju som går føre seg som ein samtale mellom informant og forskar, og opnar for at forskaren kan stille oppfølgingsspørsmål om nødvendig. Intervjuet har fokus på å gå i djupna i erfaringar, kunnskapar og tankar om forskingsspørsmålet frå informanten. Her fekk eg eit godt innblikk i informantane sine erfaringar kring arbeid med elevar som utviser ei utagerande åtferd, som igjen blei tolka for å kome fram til ein djupare meining bak svara deira. I tillegg la deira opplevingar og erfaringar grunnlaget for drøftingskapittelet og ein konklusjon til slutt. Funna viser at bruk av direkte og indirekte pedagogikk er ubevisst, og at majoriteten av møta mellom lærar og utagerande åtferd er prega av ei direkte tilnærming. Informantane sine svar viste også at det var knytt usikkerheit til sjølve omgrepet, og til omgrepet pedagogisk handlingskompetanse. Det kan tyde på at ein treng å auka den pedagogiske handlingskompetansen hos lærarar. Eit anna funn viser viktigheita av kunnskapen lærarar har om elevane og at relasjonen dei har er med på å legge grunnlaget for korleis læraren vel å møte elevar med ei utagerande åtferd. I tillegg peika informantane på viktigheita av god klasseleiingskompetanse hos lærarar, og evna til å skape tydelege og trygge rammer for elevane. Gjennom studien har det blitt tydeleg at lærarar treng auka kunnskap om pedagogisk handlingskompetanse, og særleg korleis direkte og indirekte tilnærmingar kan vere eit hjelpemiddel, både i møte med åtferda og i førebygging. Samt at ein må vere bevisst og reflektert rundt bruken av dei, og sjå kva som eigner seg best i møte med ulike elevaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectspesialpedagogikken_US
dc.titleIndirekte pedagogikk i møte med utagerande åtferd: Ein kvalitativ studieen_US
dc.title.alternativeIndirect pedagogy in dealing with disruptive behavior: A qualitative studyen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUSP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal