Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEinen, Øyvind
dc.date.accessioned2023-10-23T11:55:27Z
dc.date.available2023-10-23T11:55:27Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3098079
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, musikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractStyringsdokument og retningslinjer stiller krav til musikkfaget og presentera kva verdiar og kvalitetar som skal liggje til grunn for musikkundervisinga, men det er lite som tilseier korleis musikklærarens subjektivitet kan bli brukt i musikkundervisinga. Som ulike og unike individ vil det eksistere ulike oppfatningar og verdisyn både i forhold til musikk og musikkfaget i den musikkpedagogiske verksamheita, og dette verka som eit område med avgrensa kvalitativ forsking. Studiens føremål er difor å undersøke følgjande problemstilling: «Korleis spelar musikksyn og fagsyn ei rolle for ein musikklærars undervisingspraksis i musikkfaget på mellomtrinnet?». Gjennom eit kvalitativt forskingsintervju og observasjon av fire varierte musikkundervisingstimar er det samla inn datamateriale som omfattar delar av ein musikklærars subjektive oppfatningar og den faktiske undervisingspraksisen. Med røter i ein hermeneutisk vitskapstradisjon har datamaterialet blitt tolka og analysert gjennom deskriptiv analyse. Studiens funn viser at musikkfagets formelle krav og styringsdokument i større grad verka retningsgjevande heller enn styrande for musikkundervisinga, og at musikklærarens fagsyn og musikksyn blir sentrale i undervisingspraksisen med omsyn til arbeidsformer, sentreringar og prioriteringar. Musikklærarens musikksyn inkludera både Bennett Reimer (1970) sine estetiske verdiar og David J. Elliott & Marissa Silverman (2015) sine praksikalistiske verdiar, og spelar ei sentral rolle for korleis undervisinga fokusera på musikalske kvalitetar. Basert på kombinasjonar av 21 ulike fagsyn-framstillingar av Frede V. Nielsen (1998), Ingrid M. Hanken & Geir Johansen (2013), og Petter Dyndahl (2004) samt musikkpedagogisk teori og empiri, utviklast fem musikkpedagogiske filosofiar som omfattar musikklærarens fagsyn i musikkfaget. Desse musikkpedagogiske filosofiane bidreg til at musikklærarens undervisingspraksis omfattar musikkfagets formelle krav i tillegg til at det omfattar musikklærarens subjektive oppfatningar og ynskjer i musikkfaget. Musikklærarens undervisingspraksis vektlegg holistisk utvikling og læring gjennom utøving, skaping, trivsel, ferdigheitsbaserte og sosiale aktivitetar, og det skapast ei musikkundervising som er samfunnsfagleg, kunnskapssentrert og som mogeleggjer estetiske kvalitetaren_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.subjectmusikkundervisningen_US
dc.subjectundervisningspraksisen_US
dc.titleUndervisingspraksis i musikkfaget: Ein enkeltcasestudie av ein musikklærars oppfatningar og undervisingspraksis i musikkfageten_US
dc.title.alternativeTeaching Practice in the Music Subject: A Single Case Study of a Music Teacher’s Perceptions and Teaching Practice in the Music Subjecten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMU550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal