Å konstruere eit mangfaldsomgrep: Ein intervjustudie av fire musikklærarar i grunnskulen
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3098077Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kunstfag [263]
Sammendrag
Dette er ei masteroppgåve i faget musikk ved Grunnskulelærarutdanning 5.-10., Høgskulen på Vestlandet. Oppgåva tek for seg temaet mangfald i musikkfaget, med eit fokus på korleis lærarar i grunnskulen konstruerer og reflekterer rundt mangfaldsomgrepet. Dette er eit felt som det trengs meir forsking på i Norge, og min motivasjon med masterarbeidet er å rette oppmerksamheit mot temaet. Oppgåva forsøker å svare på to forskingsspørsmål: Korleis vert mangfaldsomgrepet konstruert i løpet av fire semistrukturerte intervju med musikklærarar i grunnskulen, og kva implikasjonar kan denne konstruksjonen av mangfaldsomgrepet ha for musikkfaget i grunnskulen?
Oppgåva er basert på kvalitative semistrukturerte intervju. Dei fire musikklærarane i studien jobbar på fire ulike skular og ulike trinn, og tilbyr derfor fire ulike perspektiv som er påverka av deira arbeidskvardag. Intervjudata har gjennomgått ein tematisk analyse og er organisert inn i ei rekke tema basert på informantane sine svar.
Studien er teoretisk forankra i eit sosialkonstruksjonistisk forskingssyn, og tek utgangspunkt i eit interseksjonelt syn på mangfald. Det teoretiske rammeverket for oppgåva inkluderer perspektiv frå den kritiske pedagogikken (Freire, 2014) (Hess, 2019) (hooks, 2014), samt litteratur om interseksjonalitet, sosial rettferd og ulike formar for mangfald.
Gjennom arbeidet vert det tydeleg at informantane i studien konstruerer eit breitt mangfaldsomgrep. Det vert også tydeleg at nokre tema har større betydning for informantane sine konstruksjon av mangfald enn andre. Nokre tema som skil seg ut er identitet, kritisk tenking, elevmedverknad og mangfald som ressurs, kjønn og kjønnsroller, klassemiljø og rammefaktorar. Mot slutten av oppgåva vert desse temaa diskutert utifrå eit kritisk perspektiv, samt mogelege implikasjonar for musikkfaget i skulen.
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 5.- 10. trinn, musikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen