Show simple item record

dc.contributor.authorMorken, Erlend
dc.date.accessioned2023-09-29T12:04:21Z
dc.date.available2023-09-29T12:04:21Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3093126
dc.descriptionMaster i grunnskolelærerutdanning 5. -10. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractI læreplanverket for skulen er elevars kritiske tenking og rett til medverknad ein sentral del av opplæringa (Kunnskapsdepartementet, 2017). Tidlegare forsking viser at kritisk matematisk kompetanse er viktig for å bevare og utvikle demokratiske prosessar i samfunnet. Forskinga framhevar viktigheita av å inneha kompetansen i møte med komplekse sosiale problem. I dagens informasjonssamfunn blir kompetansen stadig meir sentral sidan spreiinga av informasjon har eksplodert med utviklinga og utbreiinga av internett og sosiale media. Fokuset i denne asteroppgåva var å undersøkje korleis elevars kritisk matematiske kompetanse kjem til syne i eit undervisingsopplegg knytt til temaet tal i media. Det er blitt lagt vekt på elevars kritiske matematiske kompetanse og elevsamtalen i gruppearbeidet. For å belyse problemstillinga vart det stilt følgjande forskingsspørsmål; (1) Kva aspekt ved samtalen kjem til syne når elevar i grupper undersøkjer tal i media? (2) Kva kjenneteikn på kritisk matematisk kompetanse kjem til syne når elevar i grupper undersøkjer tal i media? For å svare på forskingsspørsmåla vart det gjennomført ein enkeltcasestudie, der elevar i grupper har gjennomførte eit undervisingsopplegg knytt til tal i media. Undervisningsopplegget vart gjennomført over to skuletimar og elevanes gruppesamtale vart observert i tillegg til å bli tatt lyd- og videoopptak av. Utdrag frå to elevgrupper er analysert i lys av Hauge (2022) sine fem områder for å kritisk vurdere tal i media. Eg har òg nytta meg av Skovsmose (1992) sin matematikkyndigheit for å vise kjenneteikn på kritisk matematisk kompetanse, samt IC-modellen til Alrø og Skovsmose (2002) for å sjå på kvaliteten i elevsamtalane. Analysen viste at elevane i gruppesamtalen nyttar spørsmål frå oppgåvene og ulike talehandlingar til å utforske og stille seg kritiske til matematikken i nyheitsartiklar. Elevanes kritiske matematiske kompetanse kom fram gjennom bruk av Skovsmoses (1992) matematikkyndigheiter, men òg elevars eigne erfaringar blei nytta i argumentasjonen. Det syner at elevane i varierande grad nytta matematikk når dei stiller seg kritisk til tal i media, og nokre gonger vel elevane å ikkje gå i djupna på sin kritiske refleksjon. Ved å legge til rette for utforskande arbeid med tal i media kan kritisk matematisk kompetanse komme til syne, men det krevst meir forsking på utviklinga av denne kompetansenen_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectmatematikkundervisningen_US
dc.subjectmatematikkdidaktikken_US
dc.subjectgrunnskolelærerutdanningen_US
dc.titleElevars kritisk matematiske kompetanse i samtale om tal i mediaen_US
dc.title.alternativeStudents´ Critical Mathematical Competence in Discussions about Numbers in Mediaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUMA550en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Except where otherwise noted, this item's license is described as Navngivelse 4.0 Internasjonal