Elevars kritisk matematiske kompetanse i samtale om tal i media
Abstract
I læreplanverket for skulen er elevars kritiske tenking og rett til medverknad ein sentral del av opplæringa (Kunnskapsdepartementet, 2017). Tidlegare forsking viser at kritisk matematisk kompetanse er viktig for å bevare og utvikle demokratiske prosessar i samfunnet. Forskinga framhevar viktigheita av å inneha kompetansen i møte med komplekse sosiale problem. I dagens informasjonssamfunn blir kompetansen stadig meir sentral sidan spreiinga av informasjon har eksplodert med utviklinga og utbreiinga av internett og sosiale media. Fokuset i denne asteroppgåva var å undersøkje korleis elevars kritisk matematiske kompetanse kjem til syne i eit undervisingsopplegg knytt til temaet tal i media. Det er blitt lagt vekt på elevars kritiske matematiske kompetanse og elevsamtalen i gruppearbeidet. For å belyse problemstillinga vart det stilt følgjande forskingsspørsmål; (1) Kva aspekt ved
samtalen kjem til syne når elevar i grupper undersøkjer tal i media? (2) Kva kjenneteikn på kritisk matematisk kompetanse kjem til syne når elevar i grupper undersøkjer tal i media? For å svare på forskingsspørsmåla vart det gjennomført ein enkeltcasestudie, der elevar i grupper har gjennomførte eit undervisingsopplegg knytt til tal i media. Undervisningsopplegget vart gjennomført over to skuletimar og elevanes gruppesamtale vart observert i tillegg til å bli tatt lyd- og videoopptak av. Utdrag frå to elevgrupper er analysert i lys av Hauge (2022) sine fem områder for å kritisk vurdere tal i media. Eg har òg nytta meg av Skovsmose (1992) sin matematikkyndigheit for å vise kjenneteikn på kritisk matematisk kompetanse, samt IC-modellen til Alrø og Skovsmose (2002) for å sjå på kvaliteten i elevsamtalane. Analysen viste at elevane i gruppesamtalen nyttar spørsmål frå oppgåvene og ulike talehandlingar til å utforske og stille seg kritiske til matematikken i nyheitsartiklar. Elevanes kritiske matematiske kompetanse kom fram gjennom bruk av Skovsmoses (1992) matematikkyndigheiter, men òg elevars eigne erfaringar blei nytta i argumentasjonen. Det syner at elevane i varierande grad nytta matematikk når dei stiller seg kritisk til tal i media, og nokre gonger vel elevane å ikkje gå i djupna på sin kritiske refleksjon. Ved å legge til rette for utforskande arbeid med tal i media kan kritisk matematisk kompetanse komme til syne, men det krevst meir forsking på utviklinga av denne kompetansen
Description
Master i grunnskolelærerutdanning 5. -10. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen