Mottakarmedvit i elevtekstar på ungdomsskulen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3091889Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Som lærar har eg eit ønskje om å forstå kva som påverkar skrivinga og skriveutviklinga til elevar. Føremålet med denne masteroppgåva er å undersøkje mottakarmedvit i elevtekstar på ungdomsskulen. Problemstillinga blei undersøkt ved ein metodetriangulering av elevtekstanalyse og klasseromsobservasjon. Forskingsdesignet er kvalitativ tekstanalyse og observasjon av to skriveinstruksar for å forstå val ungdomsskuleelevar har gjort i sin skriveprosess. Oppdraget elevane fekk var å skrive ein tekst om ungdommar sitt klima og miljø-ansvar som skal publiserast på ein klimanettstad for ungdom. Den konstruerte «fiktive» mottakaren er eksplisitt gjort greie for i oppgåva, samstundes som oppgåva forsøker å skape ein retorisk situasjon for elevane. Datamaterialet vart analysert og resulterte i nokre hovudfunn: Elevane adresserer to mottakarar: Den jamaldrande retoriske situasjonen og den «skulske» retoriske situasjonen. I tillegg er det primært to skrivehandlingar som dominerer blant elevane: Å beskrive og å overtyde. Vidare ser vi også at dei elevane som adresserer den jamaldrande mottakaren i hovudsak nyttar skrivehandlinga å overtyde, mens dei elevane som adresserer den skulske mottakaren nyttar å beskrive.
Beskrivelse
Master i læring og undervisning
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking
2023