Kroppsleg leik i barnehagen
Bachelor thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3091874Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Tittel: Kroppsleg leik i barnehagen.
Bakgrunn: Dagens samfunn er prega av auke i stillesitjande aktivitet og at store delar av befolkninga ikkje nyttar tilstrekkeleg tid til fysisk aktivitet. Helsedirektoratet har anbefalingar for fysisk aktivitet til barn mellom 1-5 år. Sidan 93,4% av alle barn i Noreg mellom 1-5 år går i barnehagen, er barnehagen ein god arena for å oppfylle desse anbefalingane gjennom kroppsleg leik. Barnehagen nyttar mykje tid i uterommet og der har barna store moglegheiter for kroppsleg leik med moderat til høgt intensitetsnivå. Personalet i barnehagen kan vere med å fremje kroppsleg leik i uterommet.
Problemstilling: «Korleis kan personalet i barnehagen fremje kroppsleg leik i barnehagen sitt uterom til barn mellom 3 og 6 år?»
Metode: Me har nytta litteraturstudie for å svare på vår problemstilling. Etter systematisk søk i ulike databasar, sat me att med 10 forskingsartiklar som me har inkludert i oppgåva vår.
Resultat: Funn frå dei 10 forskingsartiklane syner til at personalet har ei viktig rolle i det å fremje kroppsleg leik og fysisk aktivitet hjå barn i uteleiken, men at det er varierande korleis dette vert gjort i ulike barnehagar og at det varierer korleis utetida vert organisert og prioritert.
Konklusjon: Personalet må vere bevisst sine eigne haldningar og vere gode rollemodellar både ovanfor barna og dei andre vaksne for å fremje den kroppslege leiken. Det er viktig å vere deltakande i leiken med barna og at det er ei felles forståing for dette i personalgruppa. For å fremje kroppsleg leik er det viktig at personalet organisera utetida på ein god måte og at det er rikeleg og variert materiale tilgjengeleg i uterommet, som gir barna eit variert rørslemiljø. Personalet må sjå moglegheiter for kroppsleg leik i dei ulike årstidene og i all slags vêr.