Elevane sin tileigning av hensiktsmessige strategiar i addisjon og subtraksjon –frå eit lærarperspektiv
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3091078Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å finne ut korleis ein som lærar kan arbeide, for at elevane etter 3.trinn skal kunne nytte seg av hensiktsmessige strategiar i addisjon og subtraksjon. Dette temaet har blitt forska på ved å nytte eit kvalitativt forskingsintervju med tre lærar som har arbeida i skulen i minst 3 år, har minst 30 studiepoeng i matematikk og som arbeidar eller har arbeida på 3.trinn.
Resultatet frå studien viser at lærarane har bestemte reknestrategiar som dei ynskjer at elevane skal lære seg. Standardalgoritmen blir nemnt av alle lærarane som ein hensiktsmessig reknestrategi, medan ein lærar har fokus på at det er viktig å lære elevane fleire strategiar. Lærarane har konkretar og representasjonar tilgjengeleg for elevane i klasserommet, og hentar desse spesielt til dei elevane som slit. Når ein skal ha strategiopplæring er det nokre faktorar som går igjen som viktige: Språk, å vere modell for læring, variasjon og å bygge på elevane sine eksisterande kunnskapar. Talforståing er ein viktig faktor for at elevane skal kunne nytte seg av hensiktsmessige strategiar. Dersom elevane har utfordringar med å lære seg addisjon og subtraksjon, så er det lurt å kartlegge kunnskapen til eleven og deretter nytte tida og ressursar for å tilpasse undervisninga til eleven.
Beskrivelse
Master i grunnskolelærerutdanning 1. - 7. trinn, matematikk. Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal