Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHalset, Emilie
dc.contributor.authorSundsvoll, Amalie Hemre
dc.date.accessioned2023-09-19T07:57:17Z
dc.date.available2023-09-19T07:57:17Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3090292
dc.descriptionMGUSP550 Masteroppgåve i spesialpedagogikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag 2023en_US
dc.description.abstractFormålet med masteroppgåva er å kaste ljos over eit avgrensa tal lærarar si forståing av utagerande åtferd, og korleis klasseleiing kan verke førebyggjande på denne åtferda. Åtferdsproblem har vore på dagsorden like lenge som skulen har eksistert, og er framleis like aktuelt. Kva verktøy læraren brukar i møte med elevar for å skape læring- og sosial utvikling blir definert som klasseleiing, og kan vere med å førebyggje utagerande åtferd. Det er nytta eit kvalitativt design med intervju som metode for å svare på fylgjande problemstilling: «Korleis kan lærarar si klasseleiing verke førebyggjande på utagerande åtferd i klasserommet?» Studien tek utgangspunkt i eit utval lærarar sine erfaringar og refleksjonar knytte til utagerande åtferd i klasserommet og klasseleiing. Alle informantane arbeider i skulen og har pedagogisk utdanning. Det varierer kor mange år dei ulike lærarane har arbeidd i skuleverket og kva erfaringar dei har. Informantane har erfaring frå eit vidt spekter når det kjem til klassetrinn, både kor dei arbeider no og tidlegare arbeid. Derfor er denne oppgåva avgrensa til førebygging av utagerande åtferd på mellom- og ungdomstrinn. Gjennom informantane si forståing av omgrepet ‘klasseleiing’, viser det seg å vere eit vidt omgrep som rommar eit stort spekter. Funna tyder på at det ligg mykje til felles i forståinga av omgrepet. Sjølv med ei grunnleggjande felles forståing, viser funna ulike erfaringar og derfor ulikt fokusområde og bruk av fleire strategiar innanfor klasseleiing. Til saman utgjer informantane sine erfaringar, strategiar og verktøy fleire faktorar som kan vere førebyggjande i klasserommet, noko som og kan påverke elevane si faglege- og sosiale utvikling. Strategiane går spesifikt på det faglege i undervisninga, i tillegg til verktøy og tips for å byggje sosiale ferdigheitar i klassen som fellesskap. I tillegg til konkrete verktøy, framhevar funna nytten av eit godt samarbeid med heimen og eit kollegialt fellesskap med erfaringsdeling og kompetanseheving som førebyggjande klasseleiing.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectUtagerende åtferden_US
dc.subjectFørebyggjingen_US
dc.subjectKlasseleiingen_US
dc.titleFørebygging av utagerande åtferd i klasserommeten_US
dc.title.alternativePreventing acting out behaviour in the classroomen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMGUSP550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal