Lærarars handtering av skulevegring
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3090148Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien har undersøkt korleis lærarar handterer elevar med skulevegring på 5.-7. trinn. Formålet var å få breiare innsikt i kva skulevegring er, dei vanlegaste risikofaktorane, teikn på skulevegring og kva for tiltak lærarane gjer i arbeidet med å handtera skulevegring. Oppgåva skal vera med på å førebu meg og andre i skulen til å handtera elevar som vegrar seg for å gå på skulen.
Metoden som vart nytta var eit kvalitativt forskingsdesign og semistrukturert intervju som datainnsamlingsverktøy. Informantane består av fira lærarar med erfaring med elevar med skulevegring. Dei er alle frå skular i Vestland. Datamaterialet består difor av fira transkriberte intervju. Analysen av datamaterialet tok utgangspunkt i ein innhaldsanalyse. Kunnskapsgrunnlaget er danna av relevant teori og forsking om skulevegring, samt teori og forsking rundt lærarar, elevar og skulen.
Resultata frå forskingsprosjektet tyder på at informantane opplever at skulevegring er eit aukande problem og eit tema skulen ikkje har nok kunnskap om. Informantane kan mykje om teikn på skulevegring, men kan synast det er vanskeleg å skilja mellom skulk og skulevegring. Resultata viser at handtering av skulevegring er vanskeleg og krev ulike tilpassingar frå elev til elev. Både skulemiljø og skule-heim samarbeid er viktige faktorar i handteringa av skulevegring. Dersom skulevegringa ikkje blir handtert kan den få store faglege og sosiale konsekvensar.
Beskrivelse
MGBSP550 - Masteroppgåve i spesialpedagogikk
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
2023