Brettspel som tilrettelegging for utdanning for berekraftig utvikling i barnehagen
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3089641Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det er aukande etterspurnad etter kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for utdanning for berekraftig utvikling i barnehagen. Vi vil bidra med utvikling av leikande praksisar, avgrensa til deltaking i brettspel, sidan leiken er sett som barn sin måte å vere i verda og som ei transformativ kraft. Problemstillinga er: Kva innspel har barnehagelærarstudentar og barnehagelærarar til bruk av brettspel som utdanning for berekraftig utvikling i barnehagen? Materiale er henta frå to verkstadar; ein med studentar og ein med barnehagelærarar, og byggjer på eit fyrsteutkast av eit brettspel laga for vaksne. Observasjonar frå verkstadane og deltakarane sine forslag til korleis spelet kan utviklast for å vere relevant for barnehagebarn, er analysert ut frå ei teoretisk forståing av leikbasert utdanning for berekraftig utvikling. Analysen viser overlapping mellom økologiske, økonomiske, sosiale og kulturelle tilnærmingar til berekraft og berekraftig styresett, og dei leikande elementa er med i alle forslaga til brettspelet. Etter at form og innhald i spelet er vidareutvikla ut frå funna våre, vil vi prøve ut spelet saman med barn.