Eit self-study av constraintsbasert didaktikk i livredningsopplæring ute
Master thesis

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3087501Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva har vore oppteken av ein kroppsøvingslærar sine eigne erfaringar i møte med constraintsbasert didaktikk knytt til livredningsopplæring ute.
Bakgrunnen for studien var basert på tre faktorar. Den eine var eit ynskje om personleg utvikling som lærar, den andre var interessa for den livredningsopplæringa som skal skje ute medan den siste faktoren er gjeldande læreplanverk og dei forventningar den har til undervisninga til kroppsøvingslæraren.
Målet med studien har vore å utfordre eigne didaktiske mønster og å bidra til kunnskapsfeltet ved å undersøke bruken av constraints-basert didaktikk i konteksten av livredningsopplæring.
Self-study vart vald som metode og datamaterialet var eigne notat som vart skrive undervegs i prosjektet. Ein refleksjonslogg vart skriven etter kvar økt, medan refleksjonsnotat vart skriven etter samtale med kritisk ven. I tillegg har også elevane i prosjektet bidrege gjennom å skrive læring- og erfaringslogg etter kvar time.
Funn frå studien viser at eg som lærar hadde meir behov for kontroll enn eg trudde. Eit anna funn var at den heilskaplege tilnærminga som constraintbasert didaktikk vektlegg, vart opplevd som essensiell for elevane sitt læringsutbyte. Eit anna funn viste at lærar opplevde det som lettare å individualisere oppgåvene til kvar elev gjennom å bruke den non-lineære undervisningssyklusen.
Det å kombinere self-study med å prøve ute ein didaktisk modell i emnet livredning ute har bidrege med auke i kunnskap om både eigen undervisningspraksis, ein ny didaktisk modell og nye undervisningserfaringar innan livredning
Beskrivelse
Master i didaktiske praksisar, Høgskulen på Vestlandet