Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHolm, Anny-Mari
dc.date.accessioned2023-09-01T11:25:48Z
dc.date.available2023-09-01T11:25:48Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3087018
dc.descriptionMaster i barnehagekunnskap, Høgskulen på Vestlandeten_US
dc.description.abstractI dag går det 268 730 barn i barnehagen. Det er 93,4 % av alle 1 – 5 åringar i Norge. (Statistisk sentralbyrå, 2022). Kvar dag i barnehagen har barn inntil tre måltid, som gjennom tida i barnehagen blir ca. 3000 måltid. Barnehagen har eit samfunnsmandat knytt til mat og måltid i barnehagen og er med det ein god arena for å utjamne sosiale ulikskapar og vere med å gje born eit godt grunnlag for eit godt kosthald som kan følgje dei heile livet. Måltidet i barnehagen er difor ikkje berre eit måltid, men ein sentral og viktig del av barnet si utvikling. Problemstillinga til denne studien er : «Kva oppfatning har styrarar og pedagogiske leiarar av faktorar som påverkar mattilbodet i barnehagen» Denne studien ser på nokre valte faktorar som er sentrale kring mat og måltid i barnehagen, og kva for påverknad desse har på måltidet og rammene rundt. Kva meiner barnehagetilsette om desse faktorane sin påverknad på mattilbodet og på kva måte er dei same faktorane med å legge føringar for barnehagen sitt mattilbod? Er barnehagetilsette tilfreds med måltidet i barnehagen? Ved å få tilsette sine meiningar og sjå dei i lag med teori og tidlegare forsking på temaet mat og måltid i barnehagen, har det gitt eit inntrykk av kva som er med å sette rammene rundt eit måltid i barnehagen. Studien er ein kvalitativ fenomenologisk inspirert studie basert på erfaringane til styrar og pedagogiske leiarar i tre geografiske ulike barnehagar i Norge. Problemstillinga til studien blir klargjort gjennom litteratur og semistrukturerte intervju. Gjennom intervju av styrarar og pedagogiske leiarar i tre barnehagar i Norge, har dei gitt eit innblikk på innsida av barnehagen sin måltidsituasjon. For å belyse funna i studien er det nytta Urie Bronfenbrenner sin utviklingsøkologiske modell. Bronfenbrenner sin modell er brukt for å analysere påverknaden til dei ulike valte faktorane på mattilbodet i barnehagen i samspelet med dei tilsette og barna. Teori og intervju er det som dannar grunnlaget for analysen. Ikkje uventa viser resultatet at faktorane i studien har ulik grad av påverknad på måltidet i den norske barnehage. Faktorane som synte seg å ha størst påverknad var styringsdokumenta helsedirektoratet sine retningslinjer for mat og måltid i barnehagen og rammeplanen for barnehagar. Sjølv om tilsette ikkje siterte frå helsedirektoratet sine retningslinjer, eller direkte frå rammeplanen under intervjua, var det tydleg at retningslinjene for mat og måltid i barnehagen og fagområda frå rammeplanen var godt representerte før, under og etter barnehagane sine måltid. Barnehagelærarane sin kunnskap når det gjaldt mat og sunt kosthald kom frå eigen interesse for temaet. Barnehagelærarutdanninga viste seg som omtrent fråverande når det gjaldt mat og ernæring. Den økonomiske påverknaden synte seg å handle meir om kva barnehagetilsette ville hadde hatt meir av, som ekstra bemanning, ikkje så mykje på sjølve innhaldet i måltidet. Barnehagetilsette meiner sjølv dei har påverknad på måltidet, noko som også studien kom fram til. Det kan likevel virke som det er nokre rammer, blant anna barnehagen sin mattradisjon, som er med å sette grensar for kva dei tilsette kan tilføre og påverke måltidet. Barn og føresette er to faktorar som har liten påverknad på barnehagen sitt måltid. Studien syner at dei får komme med innspel og tilsette tar omsyn til kva barna ynskjer av t.d. pålegg, men det er likevel ikkje barna eller føresette som er av dei styrande element når det gjelder måltidet i barnehagen. Denne studien syner at det er sentralt kva kunnskap tilsette i barnehagen har når det gjelder å sikre barn eit sunt kosthald. Den viser, som tidlegare forsking, at det behov for å auke den matfaglege kunnskapen til tilsette i barnehagen. Mangelfull kunnskap kan vere ein medverkande faktor til at barnehagemåltidet ikkje blir det næringsfulle måltidet som barn treng i ein aktiv barnehagekvardag. Eit godt kosthald i barnehagen er også eit godt bidrag til å gje barna gode kosthalds vaner. Vanar dei tar med seg vidare inn i vaksenlivet. Utifrå funna i denne studien er fokus på mat og ernæring i utdanningsløpet for barnehagelærarar omtrent fråverande. Er dette noko som bør sjåast i nytt lys, eller bør det vere ernæringsutdanna personar som har hovudansvaret for mat og måltid i barnehagane for å sikre barna eit næringsrikt kosthald? Mogeleg det er tid for ein studie som er tilrettelagt slik at barna får komme med sine eigne meiningar? Der det i etterkant også utgjer ein forskjell som kjem barna til gode!en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectbarnehageen_US
dc.subjectmattilbuden_US
dc.titleTilsette sin oppfatning av faktorar som påverkar mattilbodet i norske barnehagaren_US
dc.title.alternativeStaff perceptions of factors influencing food offers in Norwegian kindergartensen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMBA516en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal