Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMandelid, Irlin Charlotte
dc.date.accessioned2023-08-25T08:53:33Z
dc.date.available2023-08-25T08:53:33Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3085756
dc.descriptionMaster i praktisk utdanningsvitenskap, Høgsktlen på Vestlandet, campus Bergenen_US
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker lærarar på avdelingar for tilrettelagt opplæring sine opplevingar knytt til inkludering av elevar med moderat psykisk utviklingshemming i vidaregåande skule. Sentrale dokument som Salamanca-erklæringa og FN-konvensjonen om rettigheitene til menneske med nedsett funksjonsevne, beskriv ein intensjon om at alle menneske på lik linje skal vere inkluderte i skule og samfunn. Målet med avhandlinga er å finne døme på haldningar og praksis knytt til sosial og fagleg inkludering av elevar med psykisk utviklingshemming, og å skape ei bevisstgjering kring temaet. Kvalitativ metode vart nytta for å samle inn data. Forskinga baserer seg på fire semistrukturerte intervju med lærarar frå fire ulike landsdelar. Alle forskingsdeltakarane har erfaring med undervisning av elevar med moderat grad av psykisk utviklingshemming i spesialpedagogiske grupper. For å støtte utviklinga av tiltru til empirien, og unngå forhasta slutningar, vart stegvis-deduktiv induktiv metode teke i bruk (Tjora, 2021). Teori eg støttar meg til, er mellom anna Nilsen (2017) sine tre inkluderingsdimensjonar; den organisatoriske og fysiske, den sosiale og den faglege og kulturelle, og Gislason (2018) sin skulemiljømodell, som fokuserer på dei fire elementa fysiske rammer, organisering, pedagogisk kultur og elevdynamikk. Den relasjonelle modellen som er nytta i den internasjonale klassifikasjonen av funksjon, funksjonshemming og helse vert også presentert, med særleg vekt på deltaking. Funn i studien viser at lærarar på tilrettelagte avdelingar i vidaregåande skule opplever positive følger og moglegheiter knytt til inkludering, men også utfordringar. Alle elevar kan ha noko å lære av kvarandre, og inkludering kan føre til svært nyttig sosial trening for elevar med moderat psykisk utviklingshemming. Samarbeid på tvers av klassar og avdelingar må vere godt planlagt og gjennomtenkt for å oppnå ynska læringsutbytte for alle elevar. Positive haldningar til inkludering verkar å råde, men implementering av eit inkluderande læringsmiljø som prinsipp for skulen sin praksis, ser likevel ikkje ut til å gå knirkefritt. Lærarane trekk fram utfordringar knytt til mellom anna samarbeid og elevdynamikk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen på Vestlandeten_US
dc.rightsNavngivelse 4.0 Internasjonal*
dc.rights.urihttp://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no*
dc.subjectutdanningsvitenskapen_US
dc.subjectinkluderingen_US
dc.titlePsykisk utviklingshemming og inkludering i vidaregåande skule – fire lærarperspektiven_US
dc.title.alternativeIntellectual disabilities and inclusion in upper secondary school – four teachers´ perspectivesen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.localcodeMPUV550en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Navngivelse 4.0 Internasjonal
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Navngivelse 4.0 Internasjonal